20 år sidan eventyret starta
Denne helga markerer Sognahallen og Idrettssenteret at det er 20 år sidan opninga. Opninga markerte starten på eventyret vi i dag kjenner som Campus Sogndal.
Sognahallen opna i september 1998 etter nokre år med gode politiske diskusjonar om både plassering og pengebruk, utgreiingsarbeid og ein byggefase på om lag 15 månader. Totalkostnad i prosjektet var om lag 80 millionar 1998-kroner (ca 120 millionar 2018-kroner), og vart gjennomført utan budsjettoverskridingar.
Stort spleiselag
Bak selskapet sto Sogndal kommune, saman med nabokommunane Luster, Lærdal og Vik, Sogndal Fotball AS, Sogn og Fjordane Fotballkrets, Sogndal Utviklingsselskap og Sogndal Idrettslag.
Næringslivet garanterte for inntekter til prosjektet gjennom selskapet Sognahallen Næring AS, og dei største leigetakarane var Høgskulen i Sogn og Fjordane, Sogndal kommune (grunnskulane) og fotballaktivitet.
Aage Engesæter vart vald til styreleiar, og Yngve Hallén tilsett som dagleg leiar. På 20-årsdagen er både eigarar, styreleiar og dagleg leiar dei same som ved oppstarten. Selskapet lever framleis i beste velgående, og utviklar stadig produkta sine.
Eigd av idretten sjølv
Samstundes med opninga av Sognahallen, vart Idrettssenteret AS skipa som eit selskap eigd av idretten sjølv. Det var Sogn og Fjordane Idrettskrins og Sognahallen AS som skipa selskapet med eit tett samarbeid mot Høgskulen i Sogn og Fjordane.
I dag er selskapet framleis på idrettsen sine hender, som heileigd dottterselskap av Sogndal Fotball AS. Ved oppstarten i 1998 var Dagfinn Hjertenes styreleiar og Yngve Hallén dagleg leiar, Kolbjørn Rydvang var ansvarleg for treningssenteraktiviteten i selskapet. I jubileumsåret er Yngve Hallén styreleiar, medan Kolbjørn Rydvang er dagleg leiar.
Vestlandsforsking og Høgskulen var i 1998 leigetakarar i bygget vi i dag kjenner som Skotet. Men dette bygget synte seg snart å vere for lite til at både forsking, utdanning, idrett og næringslivet kunne utvikle seg. Sogndal Fotball og Sognahallen utfordra difor kommune, fylkeskommune og stat til å tenkje større.
Resultatet ser vi i dag.
Campus Sogndal er den desidert viktigaste idretts- utdannings-, forskings- og idrettsklynga i fylket, og framleis i formidabel utvikling.
Campus Sogndal i dag
Frå miljøet på Campus Sogndal har vi dei siste 20 åra fått nye bedrifter, fjellsportfestival, nettverk, klatremiljø, prosjektaktivitet, arbeidsplasser, offentlige arbeidsplasser, forskingsprosjekt, utdanningar, mediaproduksjonar, profil og omdømme, idrettsprestasjoner, professorar, utvikling, nye idrettar og aktivitetar.
Campusutviklinga har blitt ein del av pensumlitteraturen.
Denne helga gratulerer vi dei visjonære leiarane i fotballen og kommunen som tok sjansen på å tenke stort. Vi gratulerer og alle eldsjelene som gjennom åra har vore med på utviklinga av dette kraftsenteret på Vestlandet.