Næringsarbeid i nye Sogndal kommune
15. desember 2017 leverte Sogn Næring rapporten Næringsarbeid i nye Sogndal kommune.
Det er vedteke å slå saman kommunane Balestrand, Leikanger og Sogndal frå 01.01.2020. Kommunane ønskjer eit offensiv og robust næringsapparat som skal utvikle næringslivet i den nye kommunen og målsetjinga med prosjektet er å gje næringssatsinga i den nye kommunen ei god organisering og gode føresetnader, rammevilkår og ei brei forankring.
Rådmennene i Sogndal-, Leikanger- og Balestrand kommune er bestilte utgreiinga som som skisserer vegen mot 01.01.2020 og organisering av næringsarbeidet i nye Sogndal kommune.
Rapporten gjev i tillegg eit oversyn over:
- Eksisterande næringsstruktur i dei tre kommunane
- Eksisterande kommunale planverk i dei tre kommunane
- Det pågåande kommunale næringsarbeidet i kommunane per 2017, inkludert personale, økonomi, tenester, fokusområder og prosjektportefølje
- Verkemiddelapparatet sitt arbeid i kommunane
Rapporten syner kva ressursar kommunane har nytta på næringsutvikling dei siste åra, og korleis næringsarbeidet er knytt til nærliggande område som landbruk, bustadutvikling, rekruttering, reiseliv og eventuelt anna som ofte naturleg fell under ein næringsmedarbeidar sitt ansvarsfelt. Kommunane er spurde om kva som fungerer godt i eigen kommunen, kva som kunne vore betre, og kome med tilrådingar om korleis løyse oppgåvene like godt eller betre. Sogn Næring har og trekt inn andre kompetansemiljø i utgreiingsarbeidet.
Arbeidet med denne rapporten prosjektet starta sommaren 2017 og vart som avtalt levert saman med ein presentasjon 15.12.2017.
Rapporten gjev følgjande tilrådingar:
Tilråding organisering fram mot 2020:
1) Sogn Næring, Leikanger kommune og Balestrand kommune set i gong prosjektet Næringsvenleg region saman med kommunane i Sogn som ynskjer å delta. Målet er å få gjort ei grundig kartlegging av det totale verkemiddelapparatet, vurdere om det er grunnlag for å vidareutvikle dagens organisering av arbeidet, og jobbe fram gode strategiar for næringsutvikling i det aktuelle området. Prosessen skal ta høgde for at Balestrand, Leikanger og Sogndal skal bli til ein kommune 01.01.2020 og at samansmelting av næringsarbeid i dei tre kommunane må få plass i prosessen.
2) Dersom næringsvenleg region ikkje vert gjennomført, eller stansar etter forstudie/forprosjekt-fase, skal arbeidet halde fram etter mal for næringsvenleg kommune for kommunane i nye Sogndal kommunane.
3) Som ein integrert del av prosessen i 1 og 2 skal Balestrand kommune, Leikanger kommune og Sogn Næring gjennomføre felles strategiprosessar- og handlingsplanprosessar, og søkje å smelte saman næringsarbeidet i dei tre kommunane. Arbeidet bør startast primo 2018 og det må settast av ressursar til å sikre gode prosessar.
4) Balestrand kommune kan vurdere om dei er tent med allereie no å etablere felles næringsfond og førstelinjeteneste med Leikanger og Sogndal. Dette vil gje omlag 140 000 kr ekstra til felles næringsfond i stimuleringsmidlar.
5) Kommunane sine eigarposter i Visit Sognefjord, Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane og eventuelle andre utviklingsstrukturar, samt driftsmidlar til strukturane bør samordnast slik at det samla verkemiddelapparatet til nye Sogndal kommune allereie frå 2018 går i takt og har påverknadskraft.
6) Næringsfond er det kraftigaste verkemiddelet til den nye kommunen, og ressursane til dette bør sikrast og utviklast fram mot 2020.
7) Det er viktig med eit godt organisert næringsliv som er tett på det kommunale næringsapparatet. Sogndal Næringsforeining bør soleis stimulerast til å omfatte næringslivet i heile nye Sogndal kommune og bli ein viktig medspelar for det offentlege verkemiddelapparatet.
Tilråding organisering frå 2020:
1) Organiseringa av næringsarbeidet i nye Sogndal kommune må vere resultat av prosessen frå i dag til 01.01.2020 og må vere godt forankra i både politisk nivå, administrasjon, næringsliv, verkemiddelapparat og næringslivet sine organisasjonar.
2) Nye Sogndal kommune bør ha ei høgt kompetent og ressurssterk planavdeling innan den kommunale strukturen som kjenner næringslivet sine behov godt og har fokus på tilrettelegging.
3) Nye Sogndal kommune bør saman med det lokale næringslivet utvikle ein robust, høgt kompetent, ressurssterk og raus organisasjon for næringsutvikling utanfor den kommunale strukturen.
4) Organisasjonen skal ha tydeleg forankra mandat og definerte handlingsplanar for utviklingsoppgåver for kommunen og vere sterk nok til å vere fagleg spissa og tilstades både geografisk og ressursmessig for eit offansivt næringsliv.
5) Organisasjonen skal vere søkande og open for samhandling i regionen og skal kunne ta på seg fleire og større oppgåver frå det som i dag ligg på andre nivå og strukturar i forvaltninga.
6) Organisasjonen bør ha bemanning som tek i vare oppgåvene og kompetansekrav, og som er stor nok til at ein i seg sjølv kan utgjere ein utviklingskraft både fagleg og operativt.
7) Organisasjonen må vere ei drivkraft for utviklingsarbeidet i Sogn.
8) Næringslivet bør gjennom næringsforeningar vere eigar og pådrivar i organisasjonen saman med kommunen.
Du kan lese heile rapporten her