Byregionprogrammet for Luster, Leikanger og Sogndal kort summert
Byregionprogrammet er sluttrapportert, og heile løyvinga på kr 1,7 millionar er utbetalt.
Byregionprogrammet er eit utviklingsprogram som skal auke kunnskapen om korleis by og omland jobbar saman og styrke regional vekstkraft. Kommunal- og moderniseringsdepartementet bidreg med midlar.
Luster, Leikanger og Sogndal starta prosjektet i 2014, og har no sluttrapportert også fase 2 av programmet. Løyvinga frå denne fasen på 1,7 millionar kroner er no utbetalt til Sogn Næring via Sogndal kommune, og pengane har gått til ulike prosjekt og tiltak som gründer- og tilflyttar arrangement, arbeid med sykkelløyper, plansamlingar og kjøp av utgreiingar om offentlege arbeidsplassar.
Prosjektet er delt opp i 2 fasar. Sogn Næring har vore prosjektleiar i begge fasane.
Fase 1: Samfunnsanalysa (2014-2015)
Første fase fokuserte på å etablere ei felles forståing av utfordringar og mogelegheiter i dei tre kommunane. Dette enda opp med ei samfunnsanlyse med tre temaområde som kommunane er særskild opptekne av:
- Korleis kan vi utnytte tilflyttingspotensialet og næringspotensialet knytt til nye former for friluftsliv og aktivitetsbasert reiseliv?
- Korleis kan vi bidra til å sikre eksisterande, og leggje til rette for nye, statlege og fylkeskommunale arbeidsplassar i kommunane?
- Korleis kan vi kople og utnytte kompetansemiljøa i kommunane til innovasjon og nyskaping?
Dette sette agendaen for tiltak og prosjekt i fase 2.
Fase 2: Prosjekt- og tiltaksfasen (2015-2017)
Denne fasen har omfatta mange delprosjekt, der fokus har vore å gjennomføre gode tiltak og prosjekt innan dei tre temaområda definert i fase 1. Det har vorte arrangert plansamlingar med tema reiseliv, gründersamlingar, og tilflyttarsamlingar samt kjøp av profesjonelle utgreiingar innan framtida til offentlege arbeidsplassar i kommunane,
Kva skjer av regional vekst?
Byregionprogrammet har fått til mykje (sjå rapport kap. 4 for utfyllande informasjon). Dei tre kommunane har mellom anna lært kor viktig det er å ha tilgjengeleg relevant, oppdatert og faktabasert kunnskap om viktige tema og satsingsområde. Dette for å kunne drive målretta samfunnsutvikling og politikkutforming.
Det har blitt utforma eit breitt forankra kunnskapsgrunnlag og ei felles forståing av utfordringar og mogelegheiter. Mellom anna har det vore fokus på offentlege arbeidsplassar, prosjekt om «Næringsutvikling i nye Sogndal kommune» og ein prosess om næringsvenleg region. Byregionprogrammet har med andre ord vore ei viktig investering i framtida.
Parallelt med kommunereforma
Då fase 1 vart starta i 2014, vart det lite friksjon til Byregionprogrammet. Samfunnsanalysen prioriterte område som kommunane såg dei vart tent med, og fase 2 omhandla desse områda.
Kommunereforma vart derimot vedteken med tvang under programmet. Sogndal vart positiv til samanslåing med Luster og Leikanger, men i juni 2017 vart det bestemt at Sogndal skulle slåast saman med Leikanger og Balestrand. Luster var ikkje med i den nye kommunen. Eigar- og styringsgruppa for Byregionprogrammet diskuterte om det var hensiktsmessig å involvere Balestrand siste året av programmet, om Balestrand skulle erstatte Luster, eller om programmet skulle avsluttast - og kommunane heller fortsetje med arbeid med kommunereforma og samarbeid med Luster i andre former.
Sett i lys av at fase 2, som i utgangspunktet skulle vare frå 2015 til 2017, vart det naturleg å avslutte programmet sommaren 2017 og ikkje utsetje det til ny rapporteringsfrist av KMD hausten 2018.
Treng meir framsnakking
Eigar- og styringsgruppa er samde om at det burde vore meir framsnakking om kva vi jobbar med. Det overordna prosjektet har hatt mindre fokus på marknadsføring, medan delprosjekta er bedre marknadsførde.
Rapportane om offentlege arbeidsplassar er vorte kjende i media, det har vore avisoppslag om rekrutteringsaktivitetane våre, og utbyggingsprosjekt av sykkelløyper har gitt den lokale sykkelklubben merksemd. At det er eit felles næringssamarbeid for førstelinjetenesta har gitt næringselskapa og kommunen positiv merksemd.
På tross av dette er det mange som ikkje kjenner til Byregionprogrammet, noko vi har fått kritikk for. Vi skulla ha vore flinkare å vise at dei ulike delprosjekta er ein del av Byregionprogrammet.
Sjå rapportane frå byregionprogrammet for Luster, Sogndal og Leikanger
Fase 1: Samfunnsanalyse som gav grunnlag for søknad til fase 2.
Fase 2: Sluttrapporten frå programmet fase 2.
Om Byregionprogrammet:
· Eit nasjonal utviklingsprogram for byregionar.
· Skal auke kunnskapen om samspelet mellom by og omland, for å styrke regional vekstkraft i områda.
· 37 byregionar (med totalt 213 kommunar) er i gang med fase 2 av programmet.
· Delt opp i 2 fasar, der fase har analysert og kartlagd, og fase 2 har gjennomført ulike delprosjekt.
· Fristen for sluttrapportering av prosjektet er 30. september 2018 (med revidert rekneskap).