Eli Grete Høyvik inn i styret

Under generalforsamlinga i Sogn Næring AS 24. april 2019 vart Eli Grete Høyvik samrøystes vald inn som nytt styremedlem i selskapet. Eli Grete bur på beste vestkant i Nye Sogndal kommune, Balestrand, og har brei erfaring med utviklingsarbeid. Til dagleg driv Høyvik Interplan AS som er eit lite konsulentselskap som yter tenester til offentlege og private verksemder og til organisasjonar. I tillegg er ho tungt involvert i familieverksemda Ciderhuset/Balholm som mellom anna lagar drikke av frukt og bær.

Under generalforsamlinga fekk Yngve Hallén gode ord frå styreleiar Agnar Holen på veg ut av styret etter lang og tru teneste.

Styret i Sogn Næring ser no slik ut:

  • Agnar Holen (leiar)

  • Cecilie Njøs

  • Eli Grete Høyvik

  • Jørgen Christian Lindstrøm

  • Karin Vikane

  • Stig Ove Ølmheim

Styret vel nestleiar i styremøte 12. juni.

Varamedlemmar:

  • Anders Bjærke (møtande vara)

  • Jan Petter Vadheim

  • Rita Navarsete

Generalforsamlinga gjorde vedtak om å godkjenne rekneskapen med eit overskot på 4,131,- kr.

Etter generalforsamlinga var det aksjonærmøte der styreleiar Agnar Holen, og dagleg leiar Torgeir Skålid orienterte om stoda i selskapet. Orienteringa var basert på årsmeldinga til selskapet som du kan lese her.

Det private aksjonærane i Sogn Næring sende signal om at ein ønskjer å samle sine aksjepostar i Sogndal Næringsforening. Næringsforeninga har ambisjon om å fungere som ein paraply for næringsorganisasjonane i Nye Sogndal kommune, og eigarskapen i Sogn Næring vert eit viktig verktøy for foreninga.

Guest User