Gjenval og overskot
25. april var det generalforsamling i Sogn Næring, og der vart rekneskapet for 2017 vedteke med eit overskot på om lag 400 000 kroner.
Valkomiteen med Jarle Aarvoll og Jon Håkon Odd gjekk for gjenval i styret i 2 nye år for Agnar Holen, Jørgen Christian Lindstrøm og Stig Ove Ølmheim. Karin Vikane, Cecilie Njøs og Yngve Hallén var ikkje på val.
Anders Bjærke, Rota Navarsete og Jan Petter Vadheim er gjenvald som varamedlemmer i styret.
Det viktigaste oppgåvene for selskapet i 2017 har vore fyrstelinjeteneste for næringsutvikling for Leikanger og Sogndal basert på politisk vedtekne kommuneplanar, i tillegg til næringshageprogram for vekst i eksisterande næringsliv. Selskapet forvaltar det kommunale næringsfondet for Sogndal og Leikanger, og i 2017 har dei handsama 28 saker, og tildelt om lag 1.5 millionar til 22 prosjekt.
Andre viktige oppgåver i 2017 har vore strategi for offentlege arbeidsplassar i nye Sogndal, hangar på Sogndal lufthamn, grunder- og bedriftsrettleiing, organisering av næringsarbeidet i nye Sogndal, oppfølging av klynger og klyngeinitiativ, organisering av næringslivet og bedriftsretta prosjektaktivitet.
Selskapet rapporterer elles utfyllande i årsmeldinga si om aktiviteten i selskapet. Årsmeldinga og rekneskap for 2017 finn du her
Styret og administrativ leiing fekk gode tilbakemeldingar på arbeidet i selskapet, og både kommunale og private eigarar ser på selskapet som ein viktig kraft for utvikling i Sogn framover.