Grevsnes klar for nye oppgåver

Per-Odd Grevsnes har sagt opp stillinga si i Sogn Næring for å ta fatt i nye viktige utviklingsoppgåver.

Grevsnes informerte i april styret i Sogn Næring om at han seier opp stillinga si i selskapet, for å gå inn i rolla som dagleg leiar i Sogndal Skisenter drift AS på permanent basis. Grevsnes var i perioden oktober 2016 til juli 2017 utleigd frå Sogn Næring til Sogndal skisenter, og i perioden august 2017 til dags dato har han hatt permisjon frå Sogn Næring for å leie skisenteret.

-Per-Odd har gjort ein fantastisk innsats for utviklinga i Sogn og av selskapet Sogn Næring seier styreleiar Agnar Holen i Sogn Næring. -Vi er sikre på at Sogndal skisenter no får rett mann på rett plass, og ønskjer han lukke til vidare.

Grevsnes sjølv innrømmer at han kjem til å sakne arbeidsoppgåver og kolleger i Sogn Næring, men han kjem framleis til å følgje med: -Sogn Næring har ein utruleg viktig rolle når vi skal utvikle den nye kommunen vår, og resten av Sogn. Eg kjem til å følgje godt med på kva de gjer, og utfordre dykk på vegen framover.

Torgeir Skålid er engasjert som dagleg leiar i selskapet fram til 15. juli. Styret skal diskutere personalkabalen på styremøte 7. juni.
 

Guest User