STREAMING: Lunsj med påfyll: Status fleirbruks- og basishall
Følg innlegga direkte i lunsjen onsdag 13. november frå 11.30 nederst på denne sida.
Nokre onsdagar kvar månad inviterer FUS Sogn, Kunnskapsparken Sogn og Fjordane, Sognefjorden Næringshage og Sogn Næring deg til å ta med matpakka og spise lunsj saman med oss. Vi byr på kaffi og te, og inviterte gjester som deler ei historie, ein idé, eit prosjekt, kunnskapen eller draumen sin med oss.
Frå klokka 11.30 er kaffien klar i 2. etasje i Innovasjonsbygget. Arrangementet er gratis og opent for alle med godt humør.
I mai sette Sogndal kommune ned plan- og byggjenemnd for m.a. fleirbruks- og basishall. Kommunestyret valde Magne B. Selseng (Sp) og Gunnhild Bøyum (H) som politiske representantar, og leiar av utvalet er Magne B. Selseng (Sp). Vi har invitert begge dei politiske representantane til å gjere opp status for arbeidet.