Sparebanken Vest sitt næringsfond har søknadsfrist 22. september

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kjenner du nokon med ein god idé?

Sparebanken Vest ønskjer berekraftige nyetableringar og framtidsretta arbeidsplassar i fylket.

Om fondet
Sparebanken Vest sitt næringsfond i Sogn og Fjordane ønskjer å hjelpe gode idear og tilbyr pengestøtte på inntil 300 000 kroner pr prosjekt. Fondet skal gje fødselshjelp til nyskapande og framtidsretta idear i ein tidleg fase, gjerne før dei får hjelp av verkemiddelapparatet. Dette gjeld både gründerarar i startgropa og bedrifter som ønskjer å utvikle seg.

Kva får ein stønad til?
Typiske aktivitetar ein kan få stønad til:
·         utgifter til marknadsundersøkingar
·         produktutvikling
·         utarbeiding av forretningsplan
·         utgifter til etableringsrettleiing
·         utvikling av prototypar

Meir informasjon om søknadsordninga på nettsida til sparebanken vest.

Guest User