Stolt leverandør til næringshageprogrammet
Vi i Sogn Næring er stolte av å vere leverandør til SIVA sitt næringshageprogram gjennom samarbeidsavtale med Sognefjorden Næringshage. No syner ein ny rapport frå Statistisk Sentralbyrå markant meirvekst og høgare verdiskaping for bedriftene i Siva-støtta næringshagar.
Næringshageprogrammet har som hovudmål å legge til rette for auka verdiskaping, vekst og utvikling av norsk distriktsnæringsliv. Programmet skal i tillegg være eit verkemiddel for fylkeskommunen og bidra til at fylkeskommunen si rolle som regional utviklingsaktør vert styrka. Visjon i programmet er "Skape levedyktig og framtidsretta næringsliv i distriktene".'
Sognefjorden næringshage er eit fellesskap av bedrifter som arbeider for utvikling av næringslivet i regionen. I Sogn har vi samlokaliserte klyngemiljø i Aurland, i Gaupne og på Campus Sogndal, men næringshagen har og målbedrifter andre stader i regionen. Alle målbedriftene har tilbod om kontorfasilitetar og møterom i miljøa i Sogndal og Aurland.
Sogn Næring leverer mellom anna tenester til strålande bedrifter som Digital Etikett, Printfarm, Idrettssenteret, Avery Dennison NTP, Skjolden Hotel og Haugen Gardsmat.