Teknoløftet inviterer til samling 7. november

Onsdag 7. nov. inviterer Teknoløftet Sogn og Fjordane (HVL, VF, Kunnskapsparken, Sintef) til samling på Skei!

Referansegruppa, styringsgruppa og alle interesserte frå næringslivet er invitert for å drøfte behova i næringslivet for etter- og vidareutdanningstilbod, studentoppgåver, kva relevante case stipendiatane i prosjektet kan bruke i sine forskingsprosjekt, og kva andre mogleg former for samarbeid næringslivet ynskjer mot prosjektet.

Vi er svært glade for å ha fått på plass fire svært kompetente doktorgradsstipendiatar, og at alle kan begynne på prosjekta sine i løpet av hausten. Det er viktig for oss at DE får vere med å bestemma kva problem dei skal løyse.

Frå kl 10-14 (lunsj 12) er og IT-studium i fylket og nettverking på agendaen. Prosjektet og deltakarane vil kort presentere seg. Kva Big Data og robotisering er blir forklart. Eli Nummedal, HVL, fortel om dagens IT-studium, studentar og mobilisering framover og Anne Mette Hjelle inspirerer med erfaringar med nettverk, jenter og teknologi, godt supplert av Jøril Hovland frå Kunnskapsparken.

Men størstedelen av arrangementet går ut på å høyre på behov og idear frå næringslivet vårt og god dialog.

Deltaking med lunsj vert sjølvsagt dekka av prosjektet. Møt sjølv og/eller send ein medarbeidar!

Velkomen til dialogkafe!

Påmelding.

Guest User