Torgeir Skålid tilsett som dagleg leiar
Etter sytten månader som fungerande dagleg leiar i Sogn Næring, har Torgeir Skålid fått ny tillit på permanent basis.
Tiltredinga gjeld frå 1. januar i år, etter ein rekrutteringsprosess før jul. Det var totalt 10 søkarar på stillinga og fleire aktuelle kandidatar. Agnar Holen (styreleiar) og Cecilie Njøs (nestleiar) har, saman med Adecco Sogndal, leia prosessen på vegne av styret. Etter ein grundig vurdering med fleire intervjurundar, var rekrutteringsnemda og styret samde.
– Vi har valgt Torgeir Skålid som den beste kandidaten. Etter å ha vurdert alle aktuelle kandidatar, viste Torgeir seg å matche behova til næringsselskapet på beste måte. Han har relevant bakgrunn, erfaring og riktig motivasjon, fortel Agnar Holen, styreleiar i Sogn Næring.
Næringsselskap i Nye Sogndal kommune
I mai 2018 sa Per-Odd Grevsnes opp stillinga som dagleg leiar i Sogn Næring, etter å ha vore utleigd til Sogndal Skisenter. Han ønskja å gå inn i rolla som dagleg leiar i skisenteret på permanent basis.
Etter å har vore tilsett i ei prosjektstilling i Sogn Næring, tok Torgeir tok over stillinga som fungerande dagleg leiar. Samtidig var framtida til selskapet usikker, med ein ny storkommune på trappene.
– I dag er vi næringsselskap for kommunane Sogndal og Leikanger. Dette ønskjer vi å vere i Nye Sogndal kommune også, men i ein omstillingsprosess har utfallet vore usikkert. No viser alle signal at vi fortset som næringsselskap i den nye storkommunen. Det er vi takksam for, seier Holen.
Det betyr at Sogn Næring står overfor nye, store oppgåver framover. Målet er å få privat og offentleg næringsliv til å jobbe godt saman for utvikling og vekst. Selskapet skal leggje til rette og heie fram gode aktørar.
Dette er noko ordføraren i Sogndal kommune verdset høgt:
– I ei tid med mange strukturelle endringar og eit samfunn i endring, har vi trong for eit sterkt næringsselskap som Sogn Næring. Dei er eit av virkemidla vi har til å kunne styrke, utvikle og vere tilretteleggjar i næringslivet. Dei er ein viktig medskapar i etablering av nye og eksisterande arbeidsplassar, seier Jarle Aarvoll.
Glad for ny tillit
Sogn Næring fekk dermed landa rekrutteringsprosessen før jul. På jakt etter ein person med god kunnskap om næringsliv og politisk miljø i regionen, landa dei på Torgeir.
47-åringen har med seg mykje relevant erfaring frå ulike rollar i Campus-miljøet. Sidan 90-talet har han vore sentral i utviklinga av Sognahallen, Idrettssenteret, Sogndal fotball, Bratt moro og Sogn Næring. Han har eit stort engasjement for lokalmiljøet og regionen han bur i. Dette er eigenskapar og interesser han vidarefører i arbeidet med nye kommunegrenser.
– Å få fornya tillit er godt. Det gjer meg endå meir motivert til å gjere ein viktig og grundig jobb. Det bobler i næringslivet vårt om dagen, og eg er veldig klar for å setje i gang med alt det spennande som skjer, seier en entusiastisk dagleg leiar.
Eit selskap i vekst
Sogn Næring har høge ambisjonar. Med auka aktivitet og ny strategi på gang, ser dei mange moglegheiter og nye satsingsområde. Dette gjeld både etablert næringsliv, i gründersegmentet og med alle endringar som skjer i offentleg sektor. Å bli næringsapparat i Nye Sogndal kommune, gir behov for utvikling og større musklar enn i dag.
– Endringar vi står overfor er viktig å fange opp og nytte til noko positivt. Eg trur at vi allereie har bygd gode strukturar i Sogn Næring som vi kan vidareføre. Vi har allereie fått til mykje i regionen vår, i samarbeid med flinke aktørar. Vår rolle er tilretteleggjar og rådgjevar. Det gjeld å gjere dei ivrige sjelene i regionen vår betre og få til bra ting i lag, avsluttar Torgeir.