Vil effektivisere og auke kompetanse

Jatak Kaupanger AS har fått støtte frå det kommunale næringsfondet for Leikanger og Sogndal til eit prosjekt som skal effektivisere og standardisere produksjonsprosessen i den nye elementfabrikken.

I 2017 bygde Jatak Kaupanger AS  ein ny elementfabrikk på Kaupanger. No ønskjer bedrifta å auke produksjon og produksjonseffektivitet for å skape vekst, og dermed arbeidsplassar. Gjennom samarbeid med lokale Ember Logistikk ønskjer dei å kartlegge dagens produksjon, evaluere produksjonslokalet, og setje i verk tiltak for å etablere flyt og effektivisering, i tillegg til å auke kompetansen hjå dei tilsette. 

Prosjektet starta opp allereie 1. juli, og struktur i fabrikken skal vere på plass til 1. september når haustproduksjonen set i gang for fullt.

Jatak Kaupanger vart starta som Kaupanger tre i 1984 med produksjonslokale i låven til Knagenhjelm i Kaupanger. I 1985 hadde selskapet ansvar for bygging av kulisser og rekvisita til Warner Bros sin innspeling av «Spies like us» med Chevy Chase og Dan Aykroyd i hovudrollene. Då selskapet bygde ny fabrikk i 1989, vart kulisser frå filminnspelinga gjenbrukt i vegger og tak. 

Jatak kjeden vart skipa som landsdekkande kjede og Jatak Kaupanger fekk CE sertifisering av takstolproduksjonen i 2007. 

Dei siste åra har selskapet vore i sterk vekst med bygging av ny fabrikklinje for bjelkelagsproduksjon og ny elementfabrikk. I 2016 passerte bedrifta 100 millionar i omsetning.  

Guest User