Bli kjent med to nye ansikt i Sogn Næring

Sogn Næring har fleire nye prosjekt og mykje å henge fingrane i for tida, nett slik vi likar. No har vi fått to nye rådgivarar som brenn for utvkling i regionen. Henrik Skyttermoen og Sigrid Skjerdal blir å sjå både på Innovasjonsbygget på Campus og ute for å møta næringsaktørane i regionen framover, bli betre kjend med dei her.

Les mer
Sogn som mat- og drikkeregion i fokus i Berlin!

Saman med Sognefjorden Næringshage og Sogn Frukt og grønt hadde vi gleden av å arrangengere studietur til Berlin, der vi hadde med oss ein fantastisk gjeng frå Sogn. På programmet stod besøk til verdas største mat- og drikkemesse International Grüne Woche i Berlin, med fokuset “korleis vi saman kan arbeide for å utvikle og bygge Sogn som mat- og drikkeregion”.

Les mer
Til stades: STUD-ENT-samling ved NTNU

Vår rådgjevar Ida Ramsfjell var til stades ved ein samling i Trondheim. Her var temaet årets STUD-ENT utlysing ved Innovasjon Norge, med eit mål om å få ein betre innsikt i korleis andre institusjonar jobbar med studentinnovasjon- og entrepenørskap.

Les mer
Ida Brastad Ramsfjell
Opning av HVL Skape kontoret

Endeleg- i veke 3 fekk HVL Skape eit kontor. Ved å ha eit fysisk kontor, håpar HVL Skape-gjengen ved Jim Skarstein, Lars Røyrhus og vår rådgjevar Ida Ramsfjell at studentane ynskjer å komme innom for å prate- anten om ein idé dei ynskjer å få hjelp til, eller berre for å bli litt betre kjend.

Les mer
Ida Brastad Ramsfjell