tilsette
Meir om Line
Line er født og oppvaksen i Sogndal, men har teke utdanninga si Bergen og København, kor ho studerte marknadsføring, strategi, organisasjon og leiing. Line er nysgjerrig på korleis ny teknologi og digitalisering kan påverke utviklinga av nye grøne forretningsmodellar. Ho brenn for lokal næringsutkling og ynskjer å vere ein pådrivar for at lokale verksemder skal vere så godt rusta som mogleg til å møte morgondagens utfordringar. Line arbeida mykje med strategiske prosjekt og satsingar, men arbeida og bedriftsretta. Ho tek gjerne ein prat om utviklings- og samarbeidsprosjekt.
Meir om Henrik
Henrik er fødd og oppvaksen i Lillehammer og er ein av dei mange skiglade tilfyttarene i bygda. Etter seks år i Sogndal har han gått over til å bli fulltids vestlending med manglande dialekt. Han har bakgrunn frå reiselivet, både innan jobb og studium, og ein mastergrad i innovasjon og marknadsføring fra HVL. Med eit engasjement for reiseliv, innovasjon og næringsutvikling er Henrik ein god støttespelar for teamet. Selv med ein alt for fin østlandsdialekt og ein noe keegere klesstil enn dei fleste brenn Henrik verkelg for Sogn og sogningar. Hos oss jobbar han med vidareutvikling av FUS-lokasjonen og har hovedansvaret for alt av arrangementer. Om du har spørsmål eller ønskjer ein plass i ein av våre bygg, er Henrik personen å ta kontakt med.
Meir om Karoline
Karoline er utdanna innan økonomi med fokus på finans, strategi og leiing. Ho er opptatt av berekraftig utvikling som skal gagne både samfunn, miljø og næring. Karoline har ansvar for rettleiing mot etablerte bedrifter, så om du ynskjer nokon å sparre med i utviklingsprosjekt eller har spørsmål om finansiering er Karoline riktig person å ta kontakt med.
Dersom du ikkje får svar med ein gong er ho sannsynlegvis på ein fjelltopp med enten ski, sykkel, eller til fots.
Meir om Bård
Bård er siviløkonom med ein master i marknadsføring og innovasjon frå HVL. Han har drive for seg sjølv som fotograf i mange år, og har førstehandskjennskap med å skape og drive eiga verksemd. Bård har vore tilsett i det sogndalsbaserte skimerket SGN skis sidan oppstarten, dei siste åra som marknadsansvarleg. Herfra har han fått ei ekstra interesse for marknadsføring, merkevarebygging og god historiefortelling. Spesielt er han engasjert i ny teknologi og digitalisering, og korleis vi kan bruke det til å utvikle og framtidssikre bedrifter.
Meir om Sigrid
Sigrid er journalist i botn, med naturbasert reiseliv på toppen. Utdanninga har ho frå Høgskulen i Volda og HVL i Sogndal. Tidligare har ho jobba i NRK og Sogn Avis, og som leiar for musikkfestivalen Vinjerock. Ho vaks opp tett på reiselivet og lokalmatproduksjon i Aurland, og brenn for å utvikla dette i heile Sogn. I Sogn Næring jobbar ho med ulike prosjekt og arrangement, og hjelpar aktørar til å spissa merkevara si basert på dei gode kvalitetane vi har i regionen.
Meir om Ida
Ida byrja hjå oss 1. oktober 2022. Ho kjem frå Konnerud i Drammen, men har teke utdannings si i Oslo. Ida har ein master i "utdanningsvitenskap" og har jobba som lærar og seinare hjelpt ungdom innanfor psykisk helse i jobb og skule. Ho har alltid funne kreative prossessar spennande, og liker å hjelpe andre mot sine mål. Ida har ein delt stilling mellom Sogn Næring og HVL, og ho skal jobbe mest inn mot studentar og skule. Eit av måla til Ida er å knytte studentar og elevar tettare til lokalsamunnet. Ho tek gjerne ein prat om aktuelle problemstillingar studatar kan bryne seg på.