Tre ting vi tek med oss frå Innovasjonstalen 2023

15. mai heldt Innovasjon Norge sin årlege “Innovasjonstale”, eit arrangement som blant anna oppsummerer kva Innovasjon Norge meiner er viktige tema for framtida innan entreprenørskap og innovasjon. Her er tre ting vi i Sogn Næring tek med oss frå Innovasjonstalen 2023: 

Direktør i Innovasjon Norge, Håkon Haugli. Foto: Innovasjon Norge

1. Kompetansebehov

Vi går tom for folk før vi går tom for pengar, sa direktør i Innovasjon Norge, Håkon Haugli. Tilgang på riktig og nok kompetanse kjem til å bli ei utfordring både for verksemder og det offentlege. For å takle utfordringa må vi gjere fleire ting; utvikle teknologien som frigjer hender og hovud til å vere der dei trengs mest. Vi må sørge for at vi har folk der moglegheitene finst, og distrikt- og regionpolitikken må legge til rette for det. Nasjonen Norge må bli betre på å gjere oss attraktive for internasjonale arbeidstakarar. For deg som driv verksemd i Sogn handlar dette om å fortelje historia om kva ditt selskap kan tilby arbeidstakarar av karrieremoglegheiter, kompetansemiljø og moglegheita til å leve gode liv der du held til.

 

2. Sett digitalisering og kunstig intelligens på agendaen

Øvst på alle styrebord bør det ligge ein strategi for korleis bedrifta skal implementere kunstig intelligens og mogleggjerande teknologi, sa Innovasjon Norge-direktøren i talen sin. Korleis di verksemd kan nyttegjere deg av utviklinga bør ligge høgt på verksemdene sin agenda. Digitalisering og automasjon er også eit av suksesspunkta Paul Jenkins frå McKinsey & Company drog fram for dei mest vellukka vekstbedriftene dei har jobba med dei siste fire åra.

3. Kommersialisering og eksport

I Norge er vi flinke på å få oppstartsbedrifter og grundere ut av startgropa, men vi må bli betre på å hjelpe dei heile vegen til kommersiallisering av produktet og til vellukka internasjonal satsing. Harald Tryti Rieber frå Enernite trakk fram kor viktig det er å ikkje berre legg fokus på produktet, men få med deg folk som er dyktige på å selje produktet og få det ut i marknaden. For å hjelpe bedrifter enno eit hakk på vegen har Innovasjon Norges lansert eit nytt rammeverk for finansiering, spesielt retta mot bedrifter med høgt verdiskapingspotensial, langvarige utviklingsløp og kommersialisering som krev mykje kapital. Disse bedriftene kan no søke ei tredje finansieringsfase. I tillegg har dei endra på en del av lånekrava, og lagt meir pengar i potten for oppstartstilskota i fase ein og to. Det likar vi! Du kan lese meir om dei nye gründertilskota her. 

 

Om du vil sjå heile talen, kan du sjå den her.