Om Sogn Næring
Vi er næringsapparatet til Sogndal- og Vik kommune, og vi er 1.linjetenesta for bedrifts- og grûnderrettleiing. I praksis betyr det at vi arbeida med utvikling, saman med alle som har lyst å få til noko.
Visjonen vår er å vere best på næringsutvikling i Vestland!
Skaparlyst og god livskvalitet kjenneteiknar samfunnet. Samtidig er samfunnet i endring, med ny teknologi, digitalisering og klimaendringar som viktige drivarar. Sogn Næring skal legge til rette for at næringslivet tek i bruk ny kunnskap og kompetanse, og bidreg til ei berekraftig utvikling for ei grøn framtid. Dette vil gi livskvalitet for innbyggarane og sikre attraktivitet for regionen som bu- og arbeidsmarknad.
Slik blir vi best på næringsutvikling i Vestland.
Tilsette
Vi er eit godt team med brei kompetanse og erfaring. Vi brenn for næringsutvikling og gler oss over å få ta del i utviklinga i Sogn.
Organisasjon
Her finn du oversikt over styret i Sogn Næring, samt årsmeldingar og rekneskap.
Strategi
Strategidokumentet er det overordna styringsdokumentet til selskapet fram mot 2025.
Oppdragsgivarar
Sogn Næring har ulike oppdragsgivarar. Her finn du meir info om dei.