/nettverk
Eit nettverk er ei moglegheit for bedrifter og tilsette å kople seg på andre i same fagfelt eller interesseområde. Nettverka er ein arena for erfaringsutveksling, verdifull relasjonsbygging, innsikt, fagdiskusjonar og nye impulsar!
While1Create
While1Create er eit sosialt og faglig nettverk for personar med interesse for IT, teknologisk innovasjon og entreprenørskap. Med to årlege samlingar tilbyr nettverket faglege føredrag og sosial mingling.
HR-nettverk
På initiativ frå private og offentlege aktørar i Sogn har vi etablere eit HR-nettverk i Sogn. Nettverket skal mellom anna dele erfaringar om korleis profilere arbeidsplassen, korleis synleggjere dei sterke kompetansemiljøa og korleis arbeide effektivt med rekruttering.
Vil du ha meir informasjon om nettverket eller ynskjer du å bli ein del av det, då kan du melde deg opp her.
Berekrafts-Nettverk
Info kjem!
Industri-nettverk
Gjennom eit nettverk for småindustrien kan verksemder i bransjen auka moglegheita til å samarbeid for å oppnå felles mål og fordelar. Med andre ord kan dette vera ein kraftig ressurs for SMB-ar. Nettverket kan bidra til å styrke bransjen og auka innovasjon og berekraft.
Byggebransje-nettverk
Ynskjer du bedre samarbeid mellom dei ulike leverandørane eller ønsker du ein møteplass der du kan snakke om faget ditt med alle du møter? Byggebransje-nettverket skal koble byggebransjen saman og skapa sosial aktivitet og samarbeid på tvers av bedrifter. Les meir her
Formålet med eit mentorprogram er å kunna tilby unge i arbeidslivet utvikling gjennom kompetansen og erfaringa som ligg hos andre meir erfarne. Vi i Sogn Næring jobbar med å kartleggje interessa for å starte opp ei mentor-ordning i Sogn. I det høvet undersøkjer vi kva forventningar aktuelle deltakarar har til ein slik ordningar.
Mentorprogram i Sogn
Saman med Sognefjorden Næringshage legg Sogn Næring til rette og organiserer ei rekkje ulike nettverk i Sogn. Eit nettverk er ei moglegheit for bedrifter og tilsette å kople seg på andre i same fagfelt eller interesseområde. Nettverka er ein arena for erfaringsutveksling, verdifull relasjonsbygging, innsikt, fagdiskusjonar og nye impulsar!
For å vere ein del av nettverka må du vere målbedrift i næringshagen, ta kontakt med oss om du har spørsmål eller les meir om næringshageprogrammet her.