Har verksemda utvikla noko nytt i 2023? Søk skatteFUNN innan 1. september!
Har verksemda di drive med forsking-og utviklingsprosjekt i år, eller har de planar om det framover? Med SkatteFUNN ordninga har du rett til å få dekka ein del av utgiftene dine til FoU-prosjektet. Søker du innan 1. september er du garantert å få handsama søknaden din før nyttår.
SkatteFUNN-ordninga gir moglegheit for skattefrådrag, og vert administrert av Norges forskningsråd i samarbeid med Skatteetaten. Det er støtte bedrifter har rett på dersom dei driv med forsking og utvikling (FoU), og skal motivere til meir slik aktivitet. For å bli godkjend må prosjektet oppfylle krava for å bli definert som Fou. Du kan få inntil 19 prosent skattetrekk for kostnadene i prosjektet.
Kven kan få SkatteFUNN?
Ordninga er for verksemder i alle storleikar, næringar og selskapsformer som er registrert i Brønnøysundregisteret og er skattepliktige i Norge
Prosjektet har som mål å utvikle nye eller betre varer, tenester eller produksjonsprosessar
Prosjektet skal gi ny kunnskap eller nye ferdigheiter, eller nytte kunnskap eller ferdigheiter på nye område. Prosjektet må innebere forsking og utvikling.
Prosjektet må vera målretta og avgrensa, og det må vera mogleg å skille prosjektet frå vanleg drift og verksemd.
NB: SkatteFUNN-godkjenning gjeld per kalenderår. Det er ikkje mogleg å få skattefrådrag for kostnadar påløpt i året før de søker. Men du kan søke om fleire år i gongen, om prosektet til dømes skal gå over tre år.
Eit nyttig kontrollspørsmål for å sjekke om eit prosjekt kan gi rett på skatteFUNN: Er det problemstillingar som verken de eller andre fagfolk veit svaret på, og som de skal bruke forsking eller utvikling for å finne ut av?
Alt om ordninga, kven som kan søke og korleis ein søker kan du lese på skatteFUNN.no. Du kan også få rettleiing av rådgivarane til Forskingsrådet i søknadsprosessen.
NLink i Sogndal har nytta SkatteFUNN fleire gonger
Nlink utviklar sekreddarsydde robotar for kundar, og programvare for robotar. Roger Flølo (CEO i Nlink) fortel at dei har nytta SkatteFUNN fleire gonger når dei har utvikla nye produkt. Mellom anna har dei gode erfaringar med å snakke med Skattefunn-rådgjevarane lokalt og nasjonalt for å få rettleiing i søknadsprosessen.
Kva erfaringar har de med å bruke ordninga?
Skattefunn er ei ordning som er enkel å bruke, så lenge ein har ei klar meining om kva ein ønskjer å utvikle og kva ein ønskjer å oppnå. Då vil utforminga av søknaden ta kort tid, og det vil gå greit å setje opp ein prosjektplan. Sjølve søknadsprosessen kan verke litt byråkratisk ved første augekast, men når ein først kjem i gang, og har ei klar målsetning med det ein ønskjer å utvikle eller forbetre, så går det som regel greitt.
Det er og viktig å ta med seg at ein ikkje behøver å finne på verdsnyhende for å få støtte. Det er tilstrekkeleg å utvide eiga produktportefølje eller forbetre eigne produkt, slik at ordninga er laga for at også små bedrifter med eit lokalt nedslagsfelt skal kunne nytte seg av ordninga.
Har du tips til dei som skal søke om kva ein bør/ikkje bør gjere?
Vi har erfart at det i ein søknad er mest tjeneleg å avgrense seg til nokre få problemstillingar med klare målsetningar. Dette vil gjere prosjektet tydelegare og enklare å forstå for dei som skal behandle søknaden, og for den som søker vil det verte enklare å styre prosjektet. Om prosjektet er stort og komplekst, er det betre å dele det opp og søke etterkvart som ein ser kva veg utviklinga tar.
Vår erfaring er at marknadsbehova endrar seg raskt, slik at det vert naudsynt å endre prosjektet undervegs. Heldigvis er det tillate å endre prosjektet ein del innanfor tildelt ramme.
Vi har opplevd skattefunn som ei veldig fleksibel og nyttig ordning for å delfinansiere mindre utviklingsprosjekt.
Ei ulempe med Skattefunn er at finansieringa først kjem året etter at ein pådrar seg utviklingskostnaden. Ein må då ta høgde for likviditetsbelastninga dette medfører. Om ein må finansiere dette kortsiktig via til dømes kasskreditt i bank, vil dagens rentenivå føre til at ein god del av støtta forsvinn på vegen. Det er difor ein fordel å ha ein sunn økonomi i bedrifta før ein set i gang.