Markering av kvinnedagen
Fredag ettermiddag inviterte vi til storslått markering av kvinnedagen på Dampskipskaia i Sogndal. Vi var så heldige å få med oss fire damer som på sin måte stikk seg fram, tør å ta plass og stå for sine meiningar innanfor sine felt.
Vi fekk først høyre frå kommunalsjefen for samfunn, næring og kultur i Sogndal kommune Kristin Rundsveen Bøtun. Kristin har ei karriere bak seg som offiser i militæret. Kristin har med seg tre verdiar i sitt arbeid som leiar; intigritet, medkjensle, og å ha trua på det fulle potensiale i menneske. Ho praktiserar tillitsbasert leiing, der ein gir tilsette rom til å ta avgjersler og tar ansvar og yt sit beste under slik tillit. Vidare fortel ho litt om korleis ho opplevde tida i forsvaret før MeTo, og at ho i ettertid har reflektert over at mykje som hende ikkje var greit. Som leiar opplever ho at ein slepp unna slike uønska og usakelige kommentarar, det er ei gode som kjem med å vere på toppen.
Neste ut var Heidi Kathrin Osland som er aktitekt og dagleg leiar i arkitektkontoret 4B. Heidi fortel at ho som 9 åring blei forma av FN’s kvinnemål frå 1975 og tok det på seg sjølv å nå desse. Vidare fekk vi høyre litt om utfordringa med å balansere rollene som ei som utrykkjer seg offentleg i politiske sakar, og bedriftleiar med ansvar for levebrødet til 8 tilsette. Vil selskapet kunne miste prosjekt grunna hennar meiningar? Dette er tankar som ofte kjem fram til slike tilfeller.
Vi hadde også med oss Emma Sundli-Härdig som til dagen er student, men som også engasjerar seg i mykje anna. Ho er blant anna gründer, og var nett deltakar på fjellpitch som er ein pitchekonkurranse for gründerar. Der stilte Emma som einaste kvinneleg gründer. Dei som les Sogn Avis har kanskje også fått med seg at ho har sterke meiningar om klima og miljø, og har den siste tida fått kjenne på at det å stå fram med meiningar ikkje alltid blir like godt tatt i mot i kommentarfeltet i lokalavisa. Kommentarane var basert på kven ho er og merkelappane dei hang på ho som ung kvinne, ikkje bodskapen ho kom med. Heldigvis er Emma ei sterk ung kvinne som ikkje blir stogga av ei slik hending, sjølv om ho seier at ho var prega, og kjente på ubehag. Det som hjalp var at mange også stilte opp for ho i kommentarfeltet, menneske med fagkompetanse innanfor feltet, som ein tilsett ved hvl, bidrog til å støtte opp under påstandane til Emma.
Til slutt fekk vi høyre tankar og refleksjonar frå Vibeke Johnsen, feminist, fredsaktivist og nestleiar i Vestland SV. Vibeke har ei lang fartstid innan lokalpolitikken og vi er alle kjende med kjønnsbalansen blant mellom anna ordførarar i Sogn, der vi no er på 10 året sidan forrige kvinnelege ordførar. Vibeke fortalte at det å ta ordet er noko ho har måtte øve seg på, og viktigheita av å gje kvinner rom til å øve seg på nettopp dette. Det er viktig å være bevist på at kvinner er representert i ulike samanhengar. Vibeke brenn også for international solidaritetspolitikk og kor viktig det er at vi i Norge ikkje tar rettighetane våre for gitt, og at vi framleis hugsar på å kjempe for dei som ikkje har dei same rettighetane som kvinner før i Norge har kjempa fram for oss.
Etter eit inlegg frå desse fire var det opp til journalist Inger Helgestad i Porten å leie ein samtale. Dei frammøtte hadde fått moglegheit til å sende inn spørsmål både i forkant og under arrangementet. Vi fekk inn mange gode spørsmål fra salen, mange ønska tips og triks for å handtere vanskelege situasjonar.
Etter markeinga på Kaia gjekk ferda vidare til enda eit arrangement framfor kommunehuset i Sogndal med både appell og kulturinnslag, før kvelden blei avslutta med Jentejazz i Blaoboksen på Kulturhuset.