Er du gründer innan det sirkulære matsystemet?

Norgesvel delar ut pris til ein spennande og nytenkande gründar som jobbar med sirkulære løysingar for eit meir berekraftig matsystem. Vinnaren får Norge Vels Sølvmedalje, diplom og 25 000kr! Fristen for å nominere deg sjølv eller ein günder du kjenner til er 15 juni.

 
 

Sirkulær økonomi og mat

Kort fortalt kan vi seie at eit sirkulært matsystem handlar om å optimalisere og redusere ressursbruk, unngå ressurslekkasjar gjennom heile verdikjeda for mat og føre ressursane tilbake til matkretsløpet. Eit matsystem i ein sirkulær økonomi handlar mellom anna om å unngå matsvinn, omfordele overflødig etande mat til menneskeleg konsum og overføre anna nyttig mat og matavfall til biprodukt og nye produkt.

Heilskapleg tilnærming

Sirkulær matproduksjon er ein heilskapleg tilnærming til å handtere dei miljømessige, sosiale og økonomiske utfordringane knytt til vårt noverande matsystem. Gjennom å ta i bruk regenerativ praksis både i jordbruket og i marin sektor, redusere matavfall og fremje ressurseffektivitet, kan vi skape eit meir berekraftig og motstandsdyktig matsystem som ivaretek vår matsikkerheit og oppfyller behova til noverande og framtidige generasjonar.

Juryen legg vekt på desse kriteriane:

  • Ein verdig mottakar er framtidsretta og nyskapande, og bidreg til lokal utvikling  

  • Innsatsen skal kunne stå som eit mønster for anna nyskaping  

  • Vinnaren har fokus på berekraft og bidrar til det grønne skiftet  

Følg link her for å melde inn ein kanindat