Ynskjer du å jobba som dagleg leiar i Sogn Næring?
Sogn Næring AS er eit næringsselskap som er eigd av kommunen og næringslivet i fellesskap. Selskapet si viktigaste oppgåve er å skape fleire arbeidsplassar i eigen region. Verksemda skal drive næringsutvikling gjennom å bidra til nyetableringar, hjelpe eksisterande verksemder og skape møteplassar som stimulerer til vekst og utvikling både hjå offentlege- og private aktørar. Saman med Sognefjorden Næringshage driftar Sogn Næring næringshageprogrammet i Sogn.
Selskapet er i stadig utvikling og me søker no etter dagleg leiar.
Fast stilling som dagleg leiar (100%). Rask tilsetjing er ynskjeleg.
Arbeidsoppgåver:
Leie og representere selskapet
Ansvarleg for samfunnskontakt, PR og marknadsføring
Kontakt og oppfylging av oppdragsgjevarar
Prosjektutvikling og prosjektleiing
Strategi og nettverksarbeid
Eigarkontakt
Utviklingsarbeid generelt
Forvaltningsoppgåver
Styre selskapet i landskapet mellom fag, politikk og strategi
Ynskjeleg kompetanse:
Du må vere utviklingsorientert, uredd og målretta
God IT-kunnskap og bruk av sosiale medium
Kompetanse innan økonomi
God på nettverksbygging og relasjonar
Krav til kompetanse:
Leiarerfaring frå privat og/eller offentleg verksemd
God kjennskap til lokalt næringsliv samt lokale, regionale og nasjonale utviklingsaktørar
Relevant høgare utdanning. Lang og relevant erfaring kan kompensere for krav til utdanning
Gode nynorskkunnskapar
Kunnskap om innovasjonsprosessar og utviklingsaktivitet
Eit brennande ynskje om å bidra til nyskaping og utvikling i regionen
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar, som å vera engasjert og initiativrik, har gode kommunikasjonsevner, er sjølvstendig og strukturert.
Me tilbyr:
Varierte og utfordrande oppgåver
Dagleg kontakt med både verksemder, gründerar, bank, finans, verkemiddelapparatet, fylkeskommunal- og kommunal forvaltning og FoU-miljø
Spanande utviklings- og innovasjonsmiljø
Konkurransedyktig løn
Mogleg med heimekontor, fri telefon og internett
Fleksibel arbeidstid
Moglegheit til trening i arbeidstida
Søknadsfrist 31. juli
Søknad skal sendast til styreleiar, Agnar Holen.
Spørsmål om stillinga kan rettast til styreleiar Agnar Holen.
Telefon: 970 03 361