Seks ting vi tok med oss frå Hardanger Internasjonale Siderfestival
Samle sidernæringa i eit rom, og du får tydeleg beskjed om kva retning dette bør gå.
Sider-Noreg samla seg i Odda under Hardanger Internasjonale Siderfestival i Odda for å skapa grobotn for relasjonar og nettverk på tvers av regionar, og halda fram veksten i frukt og sidernæringa. Dette tok vi med oss frå Politisk Siderseminar 12. mai:
Informasjonsbarriera
Siderprodusent Anna Oppedal Tokheim skildra ein kvardag der navigerer i eit strengt regelverk for å informere kundane om si allsidige verksemd som produsent og reiselivsbedrift. Alkoholforskrifta gjer at dei ikkje kan informere om produksjonen sin, frå eplene blir hausta til ferdig gjæra sider. Dei kan til dømes ikkje dele bilete av eikefata produkta er lagra på, la tilbakemeldingar frå nøgde kundar i kanalane sine stå dersom dei kan tolkast som alkohol-positive eller vise korles produksjonsprosessen er. Denne kvardagen er utfordrande for mange små siderprodusentar som skal syna fram produkta og tilboda sine i Norge og utlandet. Vi kan konsumere mindre alkohol i Norge, men betre og meir lokalt, er bodskapen til sidernæringa.
“Vi må kunne diskutere enkelte ting i denne lova utan å bli kasta tilbake til start, og bli beskulda for å ville forkaste heile lova. Ein kan ikkje underspele effekten og potensialet sidernæringa har for lokalsamfunna, og dei gardsbruka som no ligg brakk som kan få moglegheit til å bløme.” - Endre Kleiveland, Sogn Frukt - og Siderlaug.
Kva skjer vidare? Stortingsrepresentant Hans Inge Myrvold (SP) sit i helse- og sosialkomitèen. Han lova å få i stand eit møte med landbruksminister Sandra Borch for å ta opp sidernæringa sine utfordringar.
Sider sel godt - heile året
Vinmonopolet synte fram god statistikk for sidersalet landet over. Kort oppsummert er kurva stigande, siderprodukt sel godt heile året og spesielt i desember.
Nolo-trenden held fram
Kundane kjøper meir av produkt med lite eller ingen alkohol (no or low alcohol), fortel Vinmonopolet. Vi kan jo trekke fram Balholm Margaret, den sprudlande eple- og rabarbradrikken som gjekk til topps i salstlistene til Meny i 2022. Det er godt nytt for mange av frukt- og siderprodusentane som har innovative alkoholfrie alternativ på sine reportoar.
Produsentane kan bidra til å sikre grunnleggande menneskerettar
Med openheitslova må Vinmonopolet ha full kontroll på at deira underleverandørar sikrar grunnleggande menneskerettar og verdige arbeidstilhøve. Der har norske frukt- og siderprodusentar gode føresetnadar for å bidra, med god tradisjon for openheit, tilit til regelverk og myndigheiter, og god etikk.
Sidernæringa har eit konkurransefortrinn internasjonalt
Norge har nokre naturgitte føresetnadar for å lukkast med sider i den internasjonale marknaden. Vi har god tilgang på vatn, tilgang på biologiske ressursar med gras og eit klima som egnar seg for dyrking av frukt. Landbruket i Norge brukar lite sprøytemiddel, og produkta er av høg kvalitet. Sidernæringa er ein del av framtidas bio-økonomi, der vi må nytte fornybare ressursar betre når ikkje fornybare ressursar skal fasast ut. Dei kan brøyte vegen for andre norske produkt internasjonalt, seier Ola Hedstein frå Rethink Food.
Følg med på ny EU-retningslinjer for sider
EU jobbar med fleire alternativ for merking av kva som er ekte sider, fortel Stine Sem frå Landbruks- og matdepartementet. I den europeiske marknaden finst ei rekke produkt med sider på etikketten - men kva dei inneheld varierer i stor grad. Dei vil at det skal bli lettare for konsumenten å vite kva dei går heim med frå butikken. Skal EU stille krav til kor mange prosent rein eplejus ein sider må innehalde? Skal det utelukke produkt med tilsett sukker eller høyrer det med? Der går debatten, og norsk sidernæring må henge med i svingane og komme med si meining, var Sem si oppmoding.
Spørsmål om etablering, merkevarebygging eller anna innan mat og drikke eller reiseliv? Send e-post til Sigrid@sognnaring.no!