595.000 til grønt konkurransefortrinn i Sogn
Med Sognekraft, Vik kommune, Luster kommune og Sogndal kommune som partnarar, fekk Sogn Næring idag 595.000 kr frå Hovudutval for næring i Vestland Fylkeskommune til prosjektet Kraftoverskot som grønt konkurransefortrinn for lokalt næringsliv i Sogn.
-I forprosjektet skal vi kartleggje og synleggjere i kva grad lokalt kraftoverskot kan styrke grøn omstilling og konkurransekraft i næringslivet i Sogn, fortel prosjektleiar Line Bjelde, som jobbar tett med samfunnsutviklar Torkjel Solbraa i prosjektet.
-Me ønskjer særleg å undersøke om det kan gje oss konkurransefortrinn å erstatte fossile energikjelder hjå store utsleppssektorar, erstatte fossildrivne og arbeidskrevjande produksjonsprosessar med grøne og automatiserte produksjonsprosessar, og skape nye verdikjeder eller verdikjedekomponentar som gjer næringane meir sirkulære.
Vestland fylkeskommune lyser ut strategiske prosjektmidlar to gonger i året for å nå måla i Handlingsplan innovasjon og næring (HNV 2021). Du finn meir informasjon i saksdokumenta frå Hovudutval for næring i Vestland fylkeskommune her.