Vi søkjer strategisk rådgjevar/forretningsutviklar/seniorrådgjevar

Sogn Næring er Sogndal kommune og næringslivet sitt apparat for næringsutvikling og skal bidra til auka tal på arbeidsplassar i regionen. Vi har i dag oppdrag frå Vik kommune, Sogndal kommune, Siva/Sognefjorden Næringshage, Vestland Fylkeskommune og Sogn Regionråd i tillegg til at vi driv ymse prosjekt med ekstern finansiering.

Selskapet skal leggje til rette for dei som ynskjer å starte eiga bedrift eller utvikle eksisterande verksemd og bygge Sogn som ein attraktiv bu- og arbeidsmarknadsregion. I tett samarbeid med kommunane, næringslivet og andre verkemiddelaktørar i Sogn, arbeider me for å bygge sterke nærings- og kompetansemiljø på tvers av bransjar og kommunegrenser. Vi opererer også SIVA sitt næringshageprogram saman med Sognefjorden Næringshage, eit program som skal gi lokale bedrifter auka mogelegheiter til vekst.

Verdiane våre er initiativ, handlekraft og samspel. Sogn Næring sitt arbeid skal vere kjenneteikna av at me tek initiativ ved å inspirere og legge til rette for utvikling, nye løysingar, samarbeid og ny kunnskap. Vi skal vere handlekraftige ved å vere lett tilgjengelege og kunne mobilisere raskt når det trengs. Gode resultat blir til gjennom samarbeid med våre mange samarbeidspartnarar, og samspel er difor ein viktig verdi for selskapet.

 Vi jaktar no deg som brenn for utvikling i Sogn og som vil jobbe i eit engasjert miljø med oss i Sogn Næring som 

Strategisk rådgjevar/forretningsutviklar/seniorrådgjevar

Kontoret vårt ligg på Campus Sogndal, men me har heile Sogn som arbeidsplass.

Arbeidsoppgåver

  • Strategisk arbeid saman med bedrifter og andre oppdragsgjevarar.

  • Evaluering av forretningsidear, utvikling av forretningsmodellar og strategiar.

  • Tilrettelegging for nettverksbygging og møteplassar.

  • Utvikling og leiing av prosjekt.

  • Bistand til næringsliv og utviklingsaktørar.

Ynskja kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning. Relevant arbeidserfaring kan kompensera for krav til utdanning.

  • Erfaring frå prosjektutvikling, søknadsprosessar og prosjektleiing.

  • Kompetanse på samspel mellom privat og offentleg sektor.

  • God forretningsforståing og kjennskap til utvikling av næringsverksemd.

  • God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne.

Vi ynskjer ein person som er

  • strategisk, engasjert, initiativrik og sjølvstendig.

  • har evne til å motivere til utviklingsarbeid.

  • er løysingsorientert og kan vise til oppnådde resultat.

  • er god på nettverksbygging og samhandling.

Vi tilbyr

  • ein spanande jobb, der ditt bidrag blir viktig for næringsutvikling i regionen.

  • gode utviklingsmogelegheiter.

  • gode løns- og pensjonsvilkår.

  • fleksibel arbeidstid.

  • eit spennande, triveleg og offensivt arbeidsmiljø med gode kollegaer.

Nærare informasjon om stillinga får du hjå forretningsutviklar Line Bjelde på telefon 906 18 483 eller epost line@sognnaring.no.

Søknadsfrist: 15. august.

Søk på stillinga her.

aktueltGuest User