UTSETT: Bli betre på sosiale medium
Oppdatering fredag 13.11.2020:
Dei siste dagane har vi hatt mange samtalar med både deltakarar, medarrangørar og kursleverandør. Det er tungt å melde at vi grunna situasjonen vi er i, med auka smitte og strengare krav frå regjeringa og FHI, ser det som mest forsvarleg å utsette kurset.
Vi vil halde kurset fleire stader i regionen, noe som vil føre til ein del reising og unødvendig risiko for smittespreiing. Heldigvis er det stor interesse for kurset og vi gjennomfører det så fort det let seg gjere – forhåpentlegvis rett over nyttår.
Dei som er påmeldt vil få melding om ny dato og får førsterett til plass på kurset når vi lanserer det på nytt.
Vi håper ikkje utsetjinga ikkje skaper utfordringar for dei påmeldte, og lover å kome sterkare attende.
——————————————————————-
Sognefjorden Næringshage tilbyr saman med Årdal Utvikling, Lærdal Næringsutvikling, Aurland kommune, Vik kommune, Høyanger Næringsutvikling, Luster kommune, Sunnfjord Utvikling og Sogn Næring kurs i sosiale medium.
Det faglege innhaldet vert levert av Gasta design og kommunikasjon og Drople. Vi har vald å dele kursa inn i to nivå, for å favne om alle, og det første kurset tilbyr vi i november:
18. november klokka 18:00 i Vik
19. november klokka 18:00 i Balestrand
23. november klokka 18:00 i Førde
24. november klokka 18:00 i Lærdal
25. november klokka 18:00 i Sogndal
Kurs 1: Kva er poenget?
Kven er kurset for?
Deg som ønskjer å bli meir trygg på sosiale medium. Bedrifta di er gjerne til stades i ulike kanalar, men treng hjelp til å posisjonere seg og utnytte potensialet betre.
Kva kan du forvente?
2,5 timer med føredrag og praktisk gjennomføring. Vi ønskjer å hjelpe deg på best mogleg måte, så ta gjerne med problemstillingar på kurset, så løser me dei i plenum.
Kva kjem du til å lære?
Kva er poenget med sosiale medium for bedrifter?
Korleis nyttar du sosiale medium på ein smart måte?
Korleis finn du di målgruppe?
Korleis kommuniserer du betre? Litt om innhald og historieforteljing
Korleis skapa engasjement og bygge relasjonar?
Kva etikette gjeld i dag?
Litt om annonsering og analyse
Vi viser nokre smarte verktøy for publisering på tvers av kanalar og oversikt over statistikk/resultat.
Etter kurset vil alle få tilgang til enkle tips og råd. Desse kan du ha med deg neste gang du skal publisere eit innlegg.
Arrangørane tek størstedelen av kostnad til kurset. Deltakar betalar berre 500,- kr. Frist for påmelding er 12. november og du melder deg på her.