Bli betre på sosiale medium
Sogn Næring og Sognefjorden Næringshage tilbyr kurs i sosiale medium.
Dette er kurset som er utsett frå i vinter. som no vert lyst ut med nye tidspunkt.
Det faglege innhaldet vert levert av Gasta design og kommunikasjon. Vi har vald å dele kursa inn i to nivå, for å favne om alle, og det første kurset tilbyr vi i september:
6. september klokka 18:00 i Vik
7. september klokka 18:00 i Sogndal
15. september klokka 18:00 i Lærdal/Aurland
Nivå 1: Innføring og smarte tips
Kven er kurset for?
Deg som ønskjer å bli meir trygg på sosiale medium, i hovudsak Facebook og Instagram. Bedrifta di er gjerne til stades i ulike kanalar, men treng hjelp til å posisjonere seg og utnytte potensialet betre.
Kva kan du forvente?
2,5 timar med føredrag og open diskusjon. Vi ønskjer å hjelpe deg på best mogleg måte, så ta gjerne med spørsmål til kurset, så ser vi på det i fellesskap.
Kva kjem du til å lære?
Kva er poenget med sosiale medium for bedrifter?
Kva kanaler er aktuelle og kor finn du dine målgrupper?
Korleis nyttar du sosiale medium på ein smartare måte?
Korleis kommuniserer du betre? Litt om innhald og historieforteljing
Korleis skapa engasjement og bygge relasjonar?
Litt om annonsering og analyse
Praktiske tips
Arrangørane tek størstedelen av kostnad til kurset. Deltakar betalar berre 500,- kr. Frist for påmelding er 1. september og du melder deg på her.