Brennheit opning av Vitemeir!

 

Klokka 11.11 den 11.11.21, opna dørene til Vitemeir!

Ein fullsatt sal med spente og forventningsfulle gjester sat klare. Superlativane sat laust då historia og teamet bak Vitemeir vart løfta fram - og det med rette, for det er imponerande å lande eit så stort prosjekt på såpass kort tid. Dagen baud på flammar, vitenshow og musikalsk innslag. Vi fekk teste, smake og leike. Sjå, høyre, undre og oppleve. Det gav meirsmak, og vi gler oss til å besøke vitemeir igjen, og igjen.

Har du ikkje lagt planar for helga enda, ja da er det berre å leike seg gjennom ViteMeir. Som dagleg leiar Erlend Fardal Lunde seier «Me sluttar ikkje å leike fordi me blir gamle. Me blir gamle fordi me sluttar å leike.» 💥👊


Gratulera så mykje til gjengen på Vitemeir for eit flott senter. Vi er stolte over å få ta del i det de har skapt og alt det ViteMeir kjem til å bety for bygda og regionen framover!

aktueltLine Bjelde