Carnival Cruise Line inviterte lokale reiseaktørar i Vik ombord på AIDAdiva
I samband med arbeidet med å utvikle reiselivstilboda i Vik kommune blei lokale aktørar, samt representantar frå kommuna, invitert ombord på AIDAdiva for å møte representantar frå verdast største cruise-rederi. I forhold til tidligere år har Vik i 2022 ein stor økning i antall cruiseskip, der AIDA står for omkring halvparten av anløpa i 2022.
Målet med møte var å dele erfaringar frå sesongen 2022 og få innspel til korleis ein skal arbeide for at anløp frå AIDA-skip skal være ein positiv opplevelse for både innbyggarane i Vik, det lokale næringslivet og gjestar som kjem til Vik kommune. Etter ein sesong med mykje læring og positiv utvikling er reiselivsaktørane i Vik offansive i arbeidet med å vidareutvikle produkta sine fram mot 2023. Rederia ynskjer eit større tilbod på land, og meinar der er plass til mange fleire aktørar i Vik. Målet er å kunne tilby meir lokalvarar som mat, drikke og suvenirar, samt opplevingar som besøkspunkt, mat- og drikkeopplevingar, bil/båt/vandre-turar ol. Etter møtet fekk dei frammøtte omvisning på skipet som bada i høstsola i vakre Sognefjorden.