Forretningsjus, prosjektleiing, entreprenørskap og innovasjon eller bitcoin?
Forretningsjus, prosjektleiing, entreprenørskap og innovasjon eller Bitcoin. Alle emna kan du no ta ved Høgskulen på Vestlandet i Sogndal.
Søknadsfrist er 1. juni og du søker øm opptak her.. Dersom du får plass på emnet, betaler du semesteravgift og studerer i lag med dei ordinære studentane.
Her er nokre emne er som er særleg aktuelle for næringslivet:
Desse fire emna har generell studiekompetanse som opptakskrav. Les meir om opptak her.
Litt meir om dei ulike emna:
Forretningsjus:
Emnet gir deg ei innføring i juridisk metode, avtalerett, kjøpsrett, selskapsrett, marknadsføringsrett, pengekravsrett, arbeidsrett og reglar om tvangsfullbyrding, gjeldsforhandling- og konkurs.
Prosjektleiing:
Du lærer korleis du byggjer opp, gjennomfører og kvalitetssikrar eit prosjekt, ulike måtar å leie prosjektet på, og korleis ein overfører kunnskap til nye prosjekt. Gjennom kurset arbeider du i grupper med eit prosjekt, slik får du øvd deg i praktisk gjennomføring av prosjektarbeid.
Entreprenørskap og innovasjon
Du lærer om kva entreprenørskap og innovasjon er, og kva rolle innovasjonsaktivitetar har for generell økonomisk utvikling. Du lærer òg om kva som er avgjerande for å lukkast med næringsutvikling. Døma vert i stor grad henta frå reiselivsnæringa.
Bitcoin, blokk-kjedeteknologi og den digitale økonomien:
Emnet gir ei grundig innføring i særleg Bitcoin, og gjennom det også den grunnleggjande blokkjedeteknologien. Det er mykje støy rundt dette temaet, særleg i media, og i kurset filtrerer me signal frå støy og ser på kva Bitcoin faktisk er. Målet er at dei som gjennomfører kurset skal forstå korleis Bitcoin fungerer, og ut frå det kunna fordjupa seg vidare og/eller delta i debatten med eit kunnskapsbasert utgangspunkt.