Tiltak for å dempe koronakrisa

Vi vil forsøke å halde oppdatert denne sida med ofte stilte spørsmål

I næringslivet vil det vere svært tøffe tider framover. Vi veit at mange er usikre og har mange spørsmål. Vi skal vere tilgjengelege for dykk etter beste evne heile denne perioden. Ring oss på 975 879 31 eller send ein e-post på post@sognnaring.no om det er noko vi kan bidra med.

For å motverke dei økonomiske utfordringane som korona-pandemien skapar har regjeringa mellom anna kome med følgjande krisetiltak:

  • Reduksjon frå 15 til to dagar med lønnsplikt for arbeidsgivarar ved permittering.

  • Oppheving av ventedagane før dagpengeutbetalingane startar for dei som blir permittert.

  • Redusere kravet til arbeidstidsreduksjon frå 50 pst. til 40 pst. for rett til dagpengar under permittering.

  • Endring i skattereglane slik at bedrifter som går med underskot i 2020, kan tilbakeføre underskotet mot beskatta overskot frå tidlegare år. Det kan bidra til at bankane blir meir villige til å gi bedriftene lån i ein overgangsperiode.

  • Endring i skattereglane slik at eigarar av bedrifter som går med underskot i 2020, skal kunne få utsetting av betaling av formuesskatt

Meir på regjeringen.no

Siste: Set av 50 milliardar til Statleg lånegaranti for nye banklån til små og mellomstore bedrifter

Det er viktig at dei bedriftene som framleis bør og kan oppretthalde normal produksjon får høve til å gjere det. Dersom enkeltbedrifter opplever utfordringar med å ha nok bemanning til å klare dette, enten på grunn av at tilsette må vere heime med born, eller på grunn av smitteutbrot i arbeidsstokken, oppmodar vi om at ein tek kontakt med Sogn Næring eller Sogndal kommune for å drøfte mogelege tiltak som kan avhjelpe ein slik situasjon. Kontaktperson i kommunen er Joakim Systaddal, tenesteleiar næring- og samfunn: Joakim.Systaddal@sogndal.kommune.no / telefon 458 73 833.

Vi oppmodar generelt om at bedrifter no held tett kontakt med kvarandre for å sikre at naudsynt produksjon går mest mogeleg som normalt. Nokre bransjar må permittere grunna stopp i aktiviteten, medan andre vil ha behov for bemanning. Bruk lokalkjennskapen til å løyse dette lokalt innanfor det regelverket som finst. Vi anbefaler bedriftene å til ei kvar tid forhalde seg til dei råda som helsemyndigheitene gir om koronaviruset.

Det er svært viktig at alle gjer sitt for å bidra til minst mogeleg smittespreiing og tek dei omsyna ein kan for å verne dei mest risikoutsette gruppene. Det er god tilgang på daglegvarer, og både regjeringa og bransjen understekar at det ikkje finst noko grunn til å hamstre. Store samlingar med folk i butikkane er ein stor og unødvendig smitterisiko. Bruk fornuft, og føl dei råda som vert gjevne – både av omsyn til dei som er utsette for stor risiko, dei tilsette i butikkane og deg sjølv.

Vi vil forsøke å halde oppdatert denne sida med ofte stilte spørsmål. Elles finn de oppdaterte råd og nyhende knytt til koronaviruset her:

Sogndal kommune

Helsedirektoratet

Nav

Arbeidstilsynet

NHO

Virke

Regjeringa

aktueltGuest User