Samarbeid for grøn næringsutvikling

Berre få dagar etter kommunesamlinga gjekk turen nok ein gong til Bergen, og nytt møte med Vestland Fylkeskommune, denne gang for å delta på dialogsamling for alle som har samarbeidsavtale med Fylkeskommunen. Samarbeidsavtalen har som formål å samarbeide for å styrke det regionale næringsutviklingsarbeidet i Sogn og jobbe for innovasjon og næringsutvikling i regionen.

Overskrifta for samlinga var Samarbeid for grøn næringsutvikling. På programmet stod mellom anna HVL som fortalde om si rolle som regional utviklar og Bård Sandal fortalde om korleis vi saman må arbeide for å nå dei felles måla for Vestland.

Eit godt program og engasjerte deltakarar som saman ynskjer å bidra til å arbeide for å utvikle Vestland.

Vi kjem til å arbeide for å sikre oss ein plass som samarbeidspartnar i 2023 og ser fram til å samarbeide enda tettare med Fylkeskommunen og resten av regionen om innovasjon og grøn næringsutvikling.

 
aktueltLine Bjeldeaktuelt