Spire - Etablerarkurs for innvandrarar

Sogn har eit flott og breitt nyskapingsmiljø, det er mange som tek steget ut i det ukjente og blir gründerar. Det likar vi!

No spissar vi saman med Sogn Regionråd satsinga inn mot internasjonale sogningar, altso dei som har bakgrunn frå eit anna land. Me er sikre på at vi i denne gruppa finn eit uforløyst potensiale i bygdene våre.

Høyrest dette interessant ut for deg eller kjenner du nokon som er motiverte til å satse på sin eigen idé? Under finn du ein presentasjon av kurset og litt om korleis vi ønskjer å stimulere nyskapingskrafta mellom innvandrarar. Du kan og sjå presentasjonen her. Du finn ein pdf-fil med omtale av tilbodet her.

Tema for samlingane:

  • Mål og utvikling av forretningsidè

  • Ideutvikling og kundebehov

  • Marknad og konkurrentar

  • Ressursbehov

  • Forretningsmodell

  • Økonomi og finansiering

Kursstad: Campus Sogndal
Kursdatoar: 29/9, 13/10, 27/10, 10/11, 24/11, 1/12 og ei helgesamling 4.-5/12
Krav: Du må kunne norsk munnleg og skriftleg
Kursavgift: 990,- kr

Meir informasjon får du hjå forretningsutviklar Knut Erlend Rosvold på e-post knut-erlend@sognnaring.no eller telefon 958 16 591.

Interessant? Fyll ut ein enkel søknad under, så høyrer du frå oss!

Søk om å få vere med innan 15. september:

Spire

Sogn regionråd jobbar i prosjektet Sogn for alle for « å skape vekst og utvikling gjennom bulyst og auka sysselsetting for innvandrarbefolkninga i regionen. I delprosjekt «arbeid» er målet at fleire innvandrarar kjem inn i arbeidslivet, og for å nå dette er eit av tiltaka å tilby etableraropplæring.

-Etablerarprogrammet skal motivere og inspirere til gründerskap mellom innvandrarar, seier prosjektleiar Knut Erlend Rosvoll i Sogn Næring. -Vi ønskjer å dyrke kultur for entreprenørskap i Sogn. Dette programmet rettar seg inn mot dei som ikkje har budd i Norge og i Sogn heile livet.

-Det vert og ein viktig test for samhandlinga mellom ulike aktørar i lokalmiljøa; næringsliv, NAV, frivillig sektor og kommunane, for å skape eit økosystem for utvikling av ny næringsverksemd.

Målgruppa er innvandrarar til Sogn med anna språk og kulturbakgrunn som har ein ide om å starte eigen bedrift og skape sin eigen arbeidsplass. Deltakarane bør ha ein gjennomtenkt ide og norskkunnskapar tilsvarande A2 nivå, det vil sei at dei kan delta i enkle samtalar og kan forstå og skrive enkle tekstar.