Fagsamling på Ciderhuset

I 2021 var det 25 år sidan dei første flaskene med eplemost frå Balholm vart produserte. Førre veke vart dette jubileet markert med fagsamling på Ciderhuset, med tema “om å samla Sogn til eitt fruktrike”.

Trine Lerum, Tor Yttri, Håvard Nesbø og Endre Kleiveland heldt engasjerande innlegg innafor temaet, og Heidi Iren Hansen frå Kulinarisk Akademi tok oss gjennom 5 siderstilar til 5 smårettar. Til slutt stilte Sogn frukt og siderlaug med smaksprøvar, før turen for nokre gjekk vidare til vårens vakraste eventyr i Balestrand; Balejazz.

aktueltGuest User