Kompensasjonsordning på veg

 

777 000 kroner til bedrifter i Vik, 5 070 000 kroner til bedrifter i Sogndal. Det er beløpa Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) set av i den 4. runden med kommunal kompensasjonsordning for lokale verksemder i særleg utsette bransjar og kommunar.

I si melding til kommunane viser Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) til Prop. 195 S (2020-2021)- Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2021 og Prop. 79 S (2020-2021) Økonomiske tiltak i møte med pandemien. KMD følr opp budsjettvedtaket frå Stortinget 18. juni 2021, Innst. 600 S (2020-2021), og tildeler midlar frå den gjenværande ramma.

Både Vik kommune og Sogndal kommune har utlysing av midlane under handsaming, og du får informasjon på Vik kommune sine heimesider, på Sogndal kommune sine heimesider og sjølvsagt her på www.sognnaring.no.

 
aktueltGuest User