Førdestudentar vil til Sogn

IT-utdanningane ved Høgskulen på Vestlandet i Førde er eit resultat av innmeldte behov frå nærings- og arbeidsliv i heile Sogn og Fjordane. No vert det andre kullet med studentar uteksaminerte, studentkull skal ut i praksis og det skal skrivast bacheloroppgåver. No ønskjer Høgskulen kontakt med arbeidsgjevarar i Sogn.

Arbeidet med å skaffe praksisplassar for hausten 2022 er allereie i gang. Har du ein praksisplass vil vi i Sogn Næring og Høgskulen på Vestlandet gjerne høyre frå deg. Det er og eit kartleggingsarbeid i gang når det gjeld bacheloroppgåver, og sjølvsagt er studentane ute etter sommarjobb i Sogn. Dei ferdig utdanna kandidatane er særs ettertrakta, og vi set deg gjerne i kontakt med dei og.

Arbeidsgjevarar er velkomne til å ta kontakt med Høgskulen på Vestlandet Institutt for data-, elektro- og realfag: Per Christian Engdal: 982 69 301 eller Per.Christian.Engdal@hvl.no.

Har du innspel til korleis vi i Sogn kan jobbe for å sikre rett kompetanse til nærings- og arbeidsliv? Ta gjerne kontakt med Anja Fardal på 950 04 858 eller anja@sognnaring.no

Meir info om Informasjonsteknologiutdanninga finn du her

PS: Det er søknadsfrist for opptak av nye studentar via samar ordna opptak 20. April. Les meir om studiet og søk opptak her

Forrige
Forrige

Sogndal Business Forum 2022

Neste
Neste

No kan du bli del av laget vårt