Gnistrande nærings- og stadsutvikling i distrikta

 

Saman med Luster og Aurland Kommune er Sogndal ein av ni kommunar som vart vald ut til å delta i innovasjonsprogrammet Gnist, eit nytt innovasjonsprogram for kommunar som vil byggje kompetanse og utforske nye samarbeidsmodellar for å byggje attraktive lokalsamfunn. Denne veka gjekk startskotet for prosjektet som skal gå fram til hausten.

Prosjektgruppa består av næringsrådgivar i Aurland kommune, kommuneplanleggjar i Luster kommune og samfunns- og næringsutviklarar i Sogndal kommune: Felles for dei tre kommunane er utfordringa kring infrastruktur og besøksforvalting, i bygdene Fjærland, Solvorn og Undredal. Prosjektgruppa har definert utfordringa slik

“Besøksstraumane om sommaren vert ikkje handtert på ein besøksvenleg, innbyggjarvenleg og berekraftig måte”.

Gjennom digitale samlingar, verkstadar, inspirasjonsføredrag og fysiske samlingar, skal vi forsøke finne framtidas løysingar for utvikling av bygdene våre, med særskild fokus på å ivareta behova til innbyggjarane samstundes som det vert rom for å ta mot fleire av framtidas besøkande.

definisjon og bilete henta frå DOGA.no

Programmet er bygd på design thinking eller designdriven innovasjon, eit prosessverktøy som set brukar i fokus.

Ein viktig del av prosjektet vil difor vere å hente innspel og kunnskap frå innbyggjarane. Denne delen vert særleg interessant og vi gler oss til å starte arbeidet med å hente informasjon frå innbyggjarane som sit tettast på utfordringa, seier prosjektleiar for prosjektet, Ingrid Anette Kristiansen, trainee i Sogndal kommune.

 
aktueltLine Bjelde