Grunnkurs i siderproduksjon 2022
JUS OG SIDERPRODUKSJON I FOKUS
Interessa for norsk sider er aukande! Større fokus på matopplevingar generelt og stadig meir matinteresserte turistar bidrar til at serveringsnæringa treng norsk drikke med høg kvalitet. Sjå invitasjon her
Grunnkurs i jus og sider gir ein gjennomgang av råvarar, kvalitet og prosessar for pressing av epler/frukt til jus og siderproduksjon. Kurset innleiast med ein gjennomgang av grunnprinsipp, definisjonar, metodar og historie. Tradisjon er viktig, men med eit stort spenn i kundegrunnlaget for norsk drikke, gir det moglegheiter for alle - både dei som vil produsere sider for folk flest og for dei som vil strekkje seg etter den mest eksklusive drikka. Det blir gjennomgang av sortar, blandingar og modningsgrad på eple/frukta, i tillegg til handtering av jusen før gjæring. Vi ser på gjæring: spontan- eller styrtprosess og målingar i første del av gjæringsprosessen. Valg av utstyr og regelverk for tilverking, avgiftar på drikkevarar og lagerstyringsprinsipp vil bli gjennomgått.
PÅMELDING: Link for påmelding.
Ved behov for hjelp, kontakt Aud Slettehaug,
aud.slettehaug@vlfk.no tlf. 47 37 57 39.
DATO: 27.-29. april 2022
TID: Start kl.18.00 (Brakanes Hotell), slutt kl. 17.00 (dag 3)
STED: Brakanes Hotel, Ulvik i Hardanger, Promenaden 3, 5730 Ulvik
PRIS: Kr 3 400,- pr. deltakar inkl. lunsj, kaffe/te og kursmateriell alle dagane. Det inngår også matservering (27.april), dagpakke alle kursdagar og middag 28. april med sidersmaking i prisen.
Overnatting m/frokost på Brakanes Hotel er ikkje inkludert i prisen. Ved påmelding før 1. april får de tilbod om overnatting i dobbletrom eller enkeltrom. Overnatting betales til hotellet etter endt kurs.