Sogn til Grüne Woche 2023

Sogn frukt og grønt, Sogn Næring og Sognefjorden Næringshage inviterer til studietur til Berlin i samband med Grüne Woche 2023, 25. – 28. januar.

Påmelding
Påmelding her - førstemann til mølla!
Passord: SogniBerlin

PS Det er Fotefar Temareiser som handterer påmeldinga

Du bestiller reise til Berlin sjølv, anbefalt reiserute ligg lenger nede i artikkelen. Vi oppmodar deltakarane om å samkøyre og sjå på berekraftige transportløysingar som alternativ til fly.

Tema for turen er profil- og merkevarebygging med utgangspunkt i mat- og drikkenæringane. Invitasjonen går til politiske og administrative representantar for kommunar og regionråd i Sogn, næringsliv, organisasjonar og andre som finn temaet relevant.

Det vert fellesaktivitetar og høve for dei ulike grupperingane til å gjennomføre interne møte.

Internationale Grüne Woche (IGW)

Mat- og landbruksmessa har historie tilbake til 1926 og samlar kvart år over 1500 utstillarar frå rundt 70 land.

IGW vert og nytta som ein utstillings- og testarena for mat-, drikke- og reiselivsopplevingar. Norge deltek med ei rekke bedrifter for å bygge nettverk, utvikle produkt og profilere matkultur og reiseliv. Deltakinga er ein del av dei etablerte profileringstiltaka for norsk landbruk og norsk mat.

Messa er og ein arena for å diskutere næringsutvikling, politikk, regionale ambisjonar og mål med mat- og drikkesatsinga. Politikarar og andre offentlige aktørar som jobbar innen næringa er invitert av fylkeskommunar, Statsforvaltar og Innovasjon Norge. Utvikling av lokalmat og grønt reiseliv er sentrale stikkord, og arbeidet som som vert gjort i Berlin danner grunnlag for videre samarbeid og dialog heime.

Her finn du nettsida til Grüne Woche

Påmelding til turen er bindande. Pris: 5.348,- for 2 netter, 7.573,- for 3 netter som inkluderer hotell m/frukost, fellestransport og fellesaktivitetar samt middag onsdag, torsdag og fredag.

Flyreise og transport til flyplass bestiller og betaler deltakarane sjølv. Om du treng assistanse, kontakt Torgeir på torgeir@sognnaring.no.

Programmet er under utvikling, men vil følgje desse rammene:

Onsdag 25. januar

Anbefalt reiserute:
16:20 DY631 Bergen - Oslo-Gardermoen
18:00 DY1108 Oslo-Gardermoen - Berlin-Brandenburg
Gjennomgåande billettar kan kjøpast på
norwegian.no

Innsjekking i løpet av dagen på Lulu Guldsmeden
21:00 Middag og velkommen til Berlin

Torsdag 26. januar

08:00 Frukost på hotellet

09:00 Korleis vidareutvikle Sogn som ein premium matregion? Intro v/Sogn frukt og grønt og Sogn Næring.

10:00 Korleis skal vi i framtida byggje profilen og merkevara Sogn for å bli attraktive for arbeidstakarar, studentar, innbyggjarar og besøkande?
v/Utvalde bedrifter, Sogn Næring og rådmannsgruppa.

11:00 Mat og drikkesafari i Berlin
-Vi besøker spennande mat- og drikkebedrifter i Berlin og den kringliggjande Brandenburgregionen.

15:00 Tid til interne møte og prosessar

19:00 Mogeleg profileringsarrangement for Sogn og felles middag

Fredag 27. januar

08:00 Frukost på hotellet

09:00 Avreise til messeområdet
Introduksjon til dagen på bussen v/Sogn frukt og grønt og Sogn Næring

09:30 Skattejakt på Grüne Woche
No skal vi finne gullet. På den grøne veka i Berlin viser landa og regionane seg frå si beste side. Vi skal lære av dei beste, bli inspirert og identifisere utfordringane vi sjølv må løyse dei neste åra.

12:00 Sogn presenterer seg på Grüne Woche
Med nokre av dei fremste mat- og drikkeprodusentane i Sogn i spissen, presenterer vi regionen vår for spesielt inviterte gjester.

15:00 Tid til interne møte og prosessar

17:30 Oppsummering og vegen vidare for Sogn
Kva har vi lært og korleis tek vi det vidare? Korleis kan vi samarbeideide på tvers av organisasjonar for å bygge mat- og drikkeregionen Sogn? Korleis gjer vi oss attraktive for ungdommen? Kva må til for at innbyggjarar og besøkande foretrekker oss?

19:00 Felles middag

Laurdag 28. januar

07:00 Frukost på hotellet

Anbefalt reiserute:
10:20 DY1103 Berlin-Brandenburg - Oslo-Gardermoen
13:20 DY612 Oslo-Gardermoen - Bergen
Gjennomgåande billettar kan kjøpast på
norwegian.no

Guest User