Kartlegging av kompetansebehov i lokale bedrifter!

Sogndal kommune er bedt om å ta i mot om lag 150 personar som flyktar frå krisa i Ukraina. I samband med dette ynskjer vi å gjennomføre ei kartlegging av kompetansebehovet til lokale bedrifter.

Arbeid er ein særs viktig arena for integrering som bidrar til meistring og sosial tilhøyring. Mange av flyktningane som kjem vil ha kompetanse som lokale bedrifter treng, i nokre tilfelle kan dei også tilføre noko heilt nytt og sjå moglegheiter der ingen har sett dei før.

 Dersom di bedrift treng flere tilsette så fyll gjerne inn skjema under og hjelp oss med å få eit bilete av behovet til bedriftene i Sogndal kommune.