Kommunestyret vedtok strategisk næringsplan

Strategisk næringsplan - For vekst og utvikling i Vik kommune, det er planen som legg føringane for arbeidet med næringsutvikling i perioden 2022-2025. Planen vart samrøystes vedteke i kommunestyret 10. februar.

Planen er ein temaplan for næringsutvikling, utarbeidd i 2021 som eit samarbeid mellom Vik kommune, Sogn Næring og næringslivet og innbyggjarane i Vik. Planen skal forenkle næringsutviklingsarbeidet, og sette ein tydeleg og samlande retning for utviklingsarbeidet i Vik, samstundes som den posisjonerer Vik i omverda.

Det overordna målet med planen er å samle gode krefter for å saman skape ei vekst, utvikling og gode lokalsamfunn i heile Vik kommune. I SSB si framskriving av folketal kjem Vik ut med negativ folketalsutvikling framover. Denne planen har som misjon å syte for at innbyggjarar, næringsliv, politikarar og administrasjon i Vik kommune gjer alt ein kan for å levere betre enn prognosen. Lukkast ein med den innsatsen, har ein lukkast som samfunn – sjølv om nettotala syner nedgang.

Planen er forsøkt gjort så konkret og poengtert som mogeleg. Det betyr at ikkje alle er nemnt, og nokre vil kanskje sakne sine hjarteborn. Håpet er at planen likevel kan samle engasjement frå så mange som mogeleg av dei som vil Vik vel, og som har krefter og vilje til å bidra. Ved å rette inn planen tematisk vil fokuset vere flytta frå enkeltbransjar og -bedrifter, til verktøy og tema som vedkjem alle – på tvers av storleik og sektor. Då vert planen brukande til å møte ei framtid som endrar seg raskt, som truleg vil krevje andre tiltak av oss i morgon enn dei me planlegg i dag.

Vik kommune har desse tre overordna måla for næringsutvikling:

  1. SAMARBEID FOR UTVIKLING

  2. ATTRAKTIVE LOKALSAMFUNN I HEILE KOMMUNEN

  3. GODE KOMMUNIKASJONSLINJER TIL OMVERDA

Planen skisserer 5 strategiar for å nå desse måla:

  1. Handels- og trivselskommunen Vik

  2. Mat og drikke – frå jord til bord

  3. Knoppskyting og vekst gjennom nettverk og samarbeid

  4. Besøkande for lokalsamfunnsutvikling

  5. Rekruttering og profilering

I det same møtet handsama kommunestyret plan for arbeidet til Sogn Næring i 2022.

Du finn den strategiske næringsplanen her

aktueltGuest User