Nye moglegheitar og ny leiar i selskapet

Frå 1. november er Line Bjelde konstituert dagleg leiar i Sogn Næring. Torgeir Skålid får nye utfordringar med å utvikle næring basert på kraft frå Sogn.

-Det er veldig kjekt å få denne sjansen. Det er spennande å vere ein del av eit selskap som stadig er i utvikling. Og eg er trygg på at saman med den flotte og kompetente gjengen eg har med meg, skal vi fortsette å halde farten oppe og bidra til utvikling i Sogn, seier konstituert dagleg leiar, Line Bjelde.

Sogn Næring har det siste året jobba med prosjektet Kraftoverskot som grønt konkurransefortrinn for lokalt næringsliv i Sogn saman med Sognekraft og kommunane Luster, Vik og Sogndal. Frå 1. november vert dagleg leiar i Sogn Næring AS, Torgeir Skålid, engasjert til å bidra til å utvikle eit selskap under skiping med Sognekraft som største eigar.

Sognekraft AS har fått eit utvida mandat frå sine eigarar om å ta større ansvar for å utvikle næring i Sogn, basert på dei store kraftressursane i regionen. Det vert no skipa eit nytt selskap som skal utvikle det nye forretningsområdet, og selskapet ønskjer å nytte Skålid sin kompetanse i arbeidet.

-Sogn Næring har over tid bygd både kapasitet og kompetanse for å kunne bidra til utviklingsarbeid i heile Sogn, seier styreleiar Agnar Holen. -Samarbeidet med kraftnæringa gir eit enda betre grunnlag for å halde fram arbeidet med enda større musklar. Frå 01.01.2023 satsar selskapet på å operere eit forsterka næringshageprogram i regionen og intensivere arbeidet for kommunane og på viktige strategiske satsingar.

-Styret i Sogn Næring er glade for å bidra til slik utvikling, fortset Holen. -Samstundes er organisasjonen rigga godt og forretningsutviklar Line Bjelde har sagt seg villig til å ta over rolla som dagleg leiar i perioden Skålid har andre oppgåver.

-Det er hyggeleg at arbeidet vi har gjort i Sogn Næring dei siste åra vert lagt merke til. Når eit lokomotiv som Sognekraft ønskjer oss med på laget, er det berre å hoppe på, seier Torgeir Skålid. -Line har over tid teke større og større ansvar for oppgåveporteføljen til Sogn Næring, at ho no får styre selskapet det neste året er heilt naturleg.

aktueltGuest User