Lunsj med påfyll: Møt høvdingen av Timbla
Torsdag 12. mars frå klokka 11:30. Det fysiske arrangementet er avlyst, men du kan følge streaminga direkte her.
Ståle Loftesnes lagar makalause handlaga heiltre spisebord med råmateriale frå skogane og gardane i Sogn. 12. mars får du høyre historia hans.
-------------------------
Med gode erfaringar frå lågterskel lunsjsamlingar hausten 2019, satsar Sogn Næring, Kunnskapsparken Sogn og Fjordane, Sognefjorden Næringshage og FUS Sogn friskt i 2020, med arrangement i Balestrand, Leikanger, Kaupanger og Campus Sogndal.
Vi inviterer deg til å ta med matpakka og spise lunsj saman med oss. Vi byr på kaffi og te, og inviterte gjester som deler ei historie, ein idé, eit prosjekt, kunnskapen eller draumen sin med oss.
Frå klokka 11.30 er kaffien klar og arrangementet er gratis og opent for alle med godt humør.