Nye koronatiltak frå regjeringa
Regjeringa la i dag 29. mai fram sin plan for å bidra til Norge kjem godt ut av koronakrisa. Mange av tiltaka som er lagt fram tidlegare blir vidareført, medan nokon blir endra eller fasa ut. I tillegg kjem det til nye tiltak som skal fremje aktivitet og arbeidsplassar. Under finn de informasjon om relevante endringar og nye tiltak for næringslivet.
Tiltak som blir føreslått justert
Gradvis nedtrapping av kompensasjonsordninga, med utfasing ved utgangen av august. Støttefaktoren blir føreslått nedjustert til 0,7 i juni og juli, og 0,5 i august. Les meir på regjeringa.no.
For nye tilfelle av permitteringar frå 1. september 2020 foreslår regjeringa å auke tal dagar med lønsplikt for arbeidsgivarar frå to til ti dagar, og samtidig avvikle den ekstraordinære lønskompensasjonen for nye permitterte. Les meir på regjeringa.no.
Den utvida retten til bruk av eigenmelding blir reversert frå 1. juni 2020
Arbeidstakar si kvote for omsorgspengar blir nullstilt frå 1. juli 2020. Det inneberer at arbeidstakarar får rett på ei normal heilårskvote for siste halvår av 2020, uavhengig av om den utvida kvota er brukt opp.
Nye tiltak:
Lønsstøtteordning – midlertidig støtteordning for bedrifter som tek permitterte tilbake i arbeid. Ordninga er tidsavgrensa og gjeld for juli og august. Les meir om ordninga på regjeringa.no.
250 mill. kroner til tilskotsordning under Innovasjon Norge for bedriftsutvikling i reiselivsnæringa
250 mill. kroner til ny kompensasjonsordning som skal bidra til at sesongbedrifter som har opplevd stort omsetningsfall kan dekke sine utgifter til lovpålagt vedlikehald
600 mill. kroner til bedriftsretta tiltak i kommunar som er særskilt hardt ramm som følgJe av virusutbrotet
Bygg og vedlikehaldspakke på fire milliardar kroner som skal halde aktivteten oppe over heile landet. Ein stor del av desse midlane vil gå gjennom kommunane
Grøn omstillingspakke på til saman 3,6 mrd. kroner over tre år. Hovudsatsinga i den grøne omstillingspakka er 2 mrd. kroner i auka løyving til Enova i 2020 som skal forsterke satsinga på teknologiutvikling i industrien.
Forsterka satsing på kunnskap og kompetanse
I tillegg løyver Vestland fylkeskommune løyver meir til kompetanse: