Nye retningslinjer for lokalisering av statlege arbeidsplassar

 

I midten av august kom regjeringa med nye retningslinje for lokalisering av statlege arbeidsplassar. Dei nye retningslinjane slår fast at ein alltid skal vurdere minst eit alternativ i ein middels eller lite sentral kommune, som gjer at det opnar seg nye moglegheitar for fleire av kommunane i Sogn.

På vegne av Sogn Regionråd helde vi no på med ei kartlegging for å sjå på korleis kommunane i Sogn kan arbeide for å behalde og få tilført fleire offentlege arbeidsplassar som kan styrke arbeidsmarknaden i regionen. Kartlegginga skal mellom anna sjå på status og kva som blir gjort i dei ulike kommunane i dag, og korleis dei best kan utnytte moglegheitane i tråd med dei nye retningslinjane frå regjeringa.

Les meir om dei nye retningslinjene her.

 
Birgitte Karlstrøm