Nytt Næringspub-konsept i gang

Mange gode idèar har blitt kasta fram over eit bord i godt selskap. Næringspub skal vere akkurat ein slik plass, der engasjerte folk med gode tankar kan møtast, bli inspirert og bli kjent.

Næringspub-konseptet fekk premiere hos Balestrand hotell 16. februar. Hotellet vart nyopna i 2022 med Randi Sognnæs Aamot, Theodor Sigurdsson Kvikne og Per Áki Sigurdsson Kvikne som eigarar og kreative hjernar. Her vil dei skape ein møteplass og ein livlig stad for musikk og kultur, og ta imot gjester som vil oppleve Balestrand. På Næringspubben tok Teodor oss med gjennom deira utvikling av alt frå klesbutikk, 777 esport, festivalen Balestrand Badeklubb, og ikkje minst overtakinga av Balestrand hotell frå Teodor og Per Àki sin onkel og tante.

Stemninga vart laus og ledig, og lokalet fylte seg godt opp med engasjerte hovud.

Ein mann snakkar for ei forslamling på 20-30 menneske i ein bar-lokale i Balestrand.

Teodor Sigurdsson Kvikne fortalde om deira vide og kreative satsingar innan mellom anna e-sport, hotell og festival.

På kvinnedagen 8. mars tok vi konseptet vidare til Sogndal og Dampskipkaien, der drivar Kevin Gray fekk fullt hus. Saman med HVL Skape og Sogndal U40 inviterte Sogn Næring til ein diskusjon om korleis vi kan løfte kvinnelige gründerar og få eit mangfoldig næringsliv.

Hilde G. Corneliussen som leiar forskingsgruppa Kjønn, mangfold og teknologi hjå Vestlandsforsking gav oss ei realitetsorientering på likestilling i næringslivet i Norge. Visste du at andel kvinnelige styremedlemmer i AS i Norge er i underkant av 20 prosent? Her er finst det eit potensiale, tenkjer vi.

Panelet beståande av Tore Frimannslund frå HVL, Hilde G. Corneliussen, Kjetil Kvåle (Kunnskapsparken), Veronica Danielsen (ViteMeir) og Trine Smukkestad Lavik (Innovasjon Norge) tok diskusjonen vidare under Ingvild Andersen (Sogn U40) si stødige leiing.

Fullsatt lokale på kvinnedagen, med eit panel som står lengst frem i lokalet.

Fullsett lokale på Dampskipskaien under kvinnedagen 8. mars. Korleis kan vi få større mangfald i næringslivet?

Neste Næringspub er på Fjøra Gastro & Pub 18. april i Sogndal, og i Balestrand 19. april på Ciderhuset. Vel møtt til ein god prat og fersk inspirasjon!

Ta ein kikk på alle arrangementa våre framover.