Rask Oppstart - hjelp til realisering av din forretningsidé

 

Er du ein gründer i tidleg fase som lurar på korleis du skal gå fram for å kommersialisere idèen din? Då kan du no melde deg på Rask Oppstart, eit program av Kunnskapsparken Vestland. Rask Oppstart passar for gründera og oppstartsbedrifter som vil utvikle eit nytt produkt eller ny teneste for eit nasjonalt eller internasjonalt marknad. Gjennom 4 samlingar og ein-til-ein oppfølging vil du som gründer få rettleiing frå forretningsutviklarar om korleis du raskt og enkelt kan realisere din idé. Programmet vil også vere ein arena for erfaringsutveksling og nettverking mellom deltakarane.

Temaene for dei fire samlingane er:

  • Kven er kunden?

  • Kva kan du gjere for kunden og korleis kjøper kunden produktet ditt?

  • Korleis tene pengar og designe og utvikle produkt? Korleis lage ein god pitch?

  • Korleis skalere og vekse, og kor går vegen vidare?


Programmet er gratis for deltakerne, og er fullfinansiert av SIVA og Vestland Fylkeskommune.

 
aktueltBirgitte Karlstrøm