Restart reiseliv: Testing i Flåm

Denne veka har ei rekkje interessentar besøkt Flåm for å teste og dokumentere mange av dei spennande produkta Flåm har å by på. Dei besøkande hadde eit innhaldsrikt program over 3 dagar, med fokus på å vise at vinter-/ skuldersesongen på Vestlander er spennande, attraktiv og tilgjengeleg.

I Fjærland og Jostedal er det også nyleg gjennomført testturar. Under og i etterkant av turane kjem interessentane med konkrete tilbakemeldingar og innspel på dei ulike produkta.

Testturane er gjennomført som del av prosjektet “Restart reiseliv”, eit prosjekt med fokus på å restarte og forsterke samarbeid og utvikling i kriseråka reislivsbygder i Sogn, med særleg fokus på lågsesong. Produkta skal restartast og kunnskapen skal delast mellom store og små destinasjonar i sogn. Prosjektet er finansiert av Vestland fylkeskommune, dei deltakande reiselivsverksemdene og kommunane Aurland, Sogndal og Luster.



Foto: Bård Huseby

Foto: Bård Huseby

Foto: Bård Huseby

Guest User