Sogndal representert under årets Sikt-konferanse

SIKT er ein årleg konferanse initiert av H.K.H kronprins Haakon. Konferansen har som målsetnad å skape ein møteplass for unge leiarar og talent mellom 20 og 40 år. I år var tema Meining. På scena stod Tore Frimannslund, kjend blant Sogndølene som ein av grunderene bak SGN Ski og som høgskulelektor på HVL.

Å vert ein del av nettverket som vert invitert til konferansen er det ingen som heilt veit korleis skjer. Men Tore seier sjølv at for hans del truleg har noko med eit medieoppslag i DN i 2018. Uavhengig av bakgrunn for invitasjonen, mottok Tore brev frå Slotttet, med invitasjonen til å verte ein del av SIKT-nettverket.

I år var han ein av 6 stykk som vart utfordra til å snakke om meininga med livet.

Når slottet ringer å spør om du kan stille opp, gjere ein jo det!

Seier Tore, i eit kort intervju mens han har ladepause på veg heim frå konferanse.

Sogndal og miljøet her vert lagt merke til.

Tore er tydeleg på at det er miljøet og dei han har rundt seg som har satt han i posisjon til å verte invitert til å snakke under årets konferanse. Og noko må jo dei tenkje at "Sogndal” har å noko fornuftig å seie om tema, for på scena stod mellom anna Nobel-vinner i medisin og fysiologi og Remi Eriksen CEO i DNV. Sjå heile programmet her.

Ei oppleving eg truleg aldri kjem til å få igen, seier Tore, før han fortsetter turen heim til Sogndal.

foto: Tore Frimannslund


Line Bjelde