Skattefunnkurs i februar
Sognefjorden Næringshage inviterer saman med partnarskapen Vekst i lag og Norges Forskningsråd til kurs om Skattefunn:
Campus Sogndal 1. februar klokka 13.00 til 15.00
Peak Sunnfjord, Førde 2. februar klokka 13.00 til 15.00
Nordfjordeid 8. februar klokka 13.00 til 15.00
Stryn 9. februar klokka 13.00 til 15.00
2 timars SkatteFUNN-kurs:
Ein innføring i ordninga og råd om korleis du skriv ein god søknad
Kva kan du kan få økonomisk støtte til gjennom SkatteFUNN, og kva du må leggje vekt på i søknaden for å få godkjent prosjektet ditt?
Om SkatteFUNN
Kriterier for godkjenning
Kva aktivitetar kan bli finansiert
Nokre eksempel på gode SkatteFUNN-prosjekt
Prosjektrekneskap og oppfølging
Slik kjem du i gang – søknadsskjema og oppretting av søknad
Undervegs vert det avbrekk i programmet der deltakarane kan diskutere sine prosjekt med rådgjevarar frå Vekst i lag (Næringshagane i Nordfjord, Sognefjorden Næringshage og Kunnskapsparken Vestland).