Sogndal kommune lanserar app-nyvinning!
«Kva skjer?»
Det er namnet på Sogndal kommune si app-nyvinning, som etter kvart skal samle alt av tilgjengelege arrangement og aktivitetar i heile kommunen på ein stad. I første versjon skal den losa studentane igjennom dei fyrste vekene av studieåret.
I fyrste omgang skal appen testas ut på studentane, men dette er berre starten på eit prosjekt som vil komma alle innbyggjarane i kommunen til nytte.
– Planen er på sikt at alle arrangørar, frivillige og næringsliv, vil få logga seg inn på «Kva skjer?» og leggja inn sine arrangement, eller få desse automatisk henta inn. Då får me ein felles kultur- og aktivitetskalender for heile kommunen som alle innbyggjarane kan bruka, seier prosjektleiar Ingrid Annette Kristiansen, i Sogndal kommune.
Arrangement-kalenderen gjer det også enklare å halde seg oppdatert på Sogn Næring sine arrangement i Sogndal kommune.
Følg linken her for å laste ned appen